Det var Magne Larsen, som eig Elvheim Gard i Hareid, som sette i gang arbeidet med å etablere eit matmanifest for Søre Sunnmøre.

– Matmanifestet skal gjere Søre Sunnmøre stolt over eigen matproduksjon og vere med på å skape ein tydelig sunnmørsk matidentitet, ifølgje saksutgreiinga frå Ørsta kommune.

– Ved å slutte seg til matmanifestet, er målet at det også skal få betydning for kommunale aktivitetar. Søre Sunnmøre Matmanifest har i seg ei målsetjing om å gje oss eit sunnare kosthald basert på lokale råvarer, samt fremje god mat og matkultur blant born og unge. Målet er å endre innhaldet i sunnmørske måltid slik at vi skal ete sunnare mat og bli meir medvitne om kva vi et og kvar maten kjem frå. Men først og fremst handlar matmanifestet om auka stolheit og auka medvit om det faktum at vi bur midt i det sunnmørske matfatet, med tilgang til verdas beste råvarer rett utanfor kjøkkendøra.

Torgplassar

Håpet er at alle kommunane på Søre Sunnmøre skal slutte seg til intensjonen om å følgje opp matmanifestet.

– Vegen vidare vert å etablere eit styre for Søre Sunnmøre Matmanifest, som skal ta arbeidet vidare. Dette arbeidet vil innebere å etablere samarbeid mellom offentleg og privat verksemd for å etablere verdiane og nå måla i manifestet.

Det er til dømes føreslått å etablere torgplassar i alle kommunane.

– Her kan lokale matprodusentar selje sine varer til lokalt fastsette tider i alle 7 kommunane, avhengig av årstid og sesong. Eit anna tiltak kan vere at lokale produsentar gir tilbod om kurs og opplæring om lokal mattradisjon, på skular og til frivillige lag og organisasjonar.

Saka skal opp i Ørsta formannskap i dag, tysdag, og går deretter til kommunestyret for endeleg vedtak.