Det skriv Nett.no.

Bakgrunnen for konkursen skal vere bygginga av eit viltgjerde i Gudbrandsdalen.

Fram til 27. februar i år heitte selskapet Øvstegård Bygg og Utemiljø.

Nett.no skriv at styreleiar, dagleg leiar og eigar, Jan Peter Lannerholm i si forklaring i skifteretten i Volda sa at kontrakten på bygginga av dette gjerdet eine og åleine er grunnen til konkursen.

Selskapet Ø-Bu hadde i fjor rundt 25 tilsette.

Bygginga av det 20 kilometer lange viltgjerdet langst den nye E6-traseen i Gudbrandsdalen er det største oppdraget Ø-Bu har hatt, men skal ha vore realistisk å få gjennomført, ifølgje Lannerholm sjølv.

Ø-Bu gjorde jobben som underleverandør for entreprenørselskapet K.A. Aurstad i Ørsta, som bygde ein del av den nye E6-traseen på oppdrag for Statens Vegvesen, skriv Nett.no

Det vart kjøpt inn 9.000 stolpar for å få bygd gjerdet, men fleire enn venta måtte stå i fjellgrunn og ikkje jord. Dette gjorde arbeidet mykje dyrare enn venta, og det måtte også verte leigd inn ekstra arbeidskraft.

LES OGSÅ: Stor Lannerholm-konkurs

Ekstrakostnadene på 2,8 millionar kroner vart fakturert til K.A. Aurstad, som igjen sende kravet til Statens vegvesen. Dette skal no vere betalt, men for Lannerholm gjekk det for mykje tid. Nett.no skriv at han håpte på meir tid frå Skatt Midt-Norge til å finne ei løysing, men etter at Nordea denne veka sa opp engasjementet blei det urealistisk å unngå konkurs. Selskapet hadde ein kassakreditt på nesten to millionar kroner.