– Dersom den direkte tilkomsten frå Vikebygdvegen blir stengd, vil det ha store negative konsekvensar for framtidig butikkdrift i lokala, meiner Arne Johan Rebbetad. Dette kjem fram i eit møtereferat frå Statens vegvesen.

Vegvesenet jobbar no med reguleringsplanen for E39 Voldatunnelen (Rotset/Heltne- Furene), og har i den samanheng møte med dei som driv næring eller andre funksjonar i nærområdet.

– Vi er i utgangspunktet skeptisk til etablering av tilkomst til forretningsområdet direkte frå fv. 45 (Vikebygdvegen). Eksisterande tilkomst kan i alle høve ikkje nyttast. Dette er grunna avstand til rundkøyringa, stigning og krav til sikt, melder Statens vegvesen tilbake.

I etterkant av møtet har dei vore endå tydelegare.

All ny planlegging i dette viktige området må vere framtidsretta med hovudfokus på trafikksikre løysingar. Statens vegvesen kan ikkje tillate direkte avkøyringar frå fv. 45 mellom rundkøyringane.

Lengre avstand

I tillegg til dagens rundkøyring, er det planlagt ei rundkøyring i krysset Vikebygdvegen/Heltnevegen, med arm mot området på nedsida av Vikebygdvegen (mot elva). Denne rundkøyringa planlegg vegvesenet også som tilkomst til Kiwi på Heltne.

– Dagens avkøyring er om lag 40 meter frå rundkøyringa på E39 og den framtidige avkøyringa blir på om lag 400–450 meter til butikken. Dette er ein vesentleg faktor. Vidare er dagens avkøyring lett og naturleg synleg. Framtidig avkøyring vil bli mykje mindre synleg og må skiltast for alle som køyrer E39, meiner Rebbestad.

Han melde også til vegvesenet at tilkomst med bil, varelevering, parkering og ombygging av inngangspartiet blir svært utfordrande, fordi løysinga til vegvesenet er avhengig av utvikling av kringliggande areal for å få logistikken til butikken på plass.

Rebbestad meiner ifølgje referatet at han er svært bekymra for korleis butikken kan halde oppe dagens drift med planen som no er skissert.

Kiwi foreslår også at Statens vegvesen vurderer ein tilkomst til Kiwi på sørsida av dagens rundkøyring (mot Volda stadion). Ei slik løysing vurderer vegvesenet også som uaktuell.