I det som har elles har vore ei variert vêrveke glimta vêrgudane til med strålande vêr og litt påskestemning torsdag. Snøfallet natt til torsdag gjorde at Ørsta skisenter kunne opne opp heile hovudtrekket og halde ope for skulekøyring. Ørsta ungdomsskule og Sæbø skule hadde rundt 400 elevar som var klare til skiaktivitet, og fekk ein strålande dag i anlegget.

– Skidagen var teken rett ut av læreboka. Elevane aktiviserte seg på alpin, telemark, snøbrett, langrennsski og til fots. På ein inneklemt strålande finvêrsdag var det fantastiske forhold og godt nøgde elevar, seier kroppsøvingslærar Emilia Ruth Ragnarsdottir ved Ørsta ungdomsskule.

I tillegg til aktivitet i langrennsløypene og i bakkane vart det tent opp bål i botnen av trekka der både elevar og lærarar tok seg ein pust i bakken, kosa seg med grilling og slappa av i finvêret.

– Skidagen er noko som vi har venta litt på, sett fram til og gledd oss til. Ein slik dag er eit avbrekk frå kvardagen, og ein sjanse til å vere sosial på tvers av både klasser og årssteg.

Til trass for at mange var i aktivitet var det ingen som skada seg under skidagen, og det er ungdomsskulen godt nøgde med.

– Vi må rette ein stor takk til Ørsta skisenter og Ørsta Røde Kors for god service og ei god ramme for skidagen. Dei var tilgjengelege og synlege gjennom heile dagen, og det gjer det mogleg for oss å reise ut på ein slik dag med så mange elevar.