- For ein gøyal fyr, sa programleiar Solveig Kloppen då Hustadnes var på scena.

Hustadnes har spelt trommer i ni år, og imponerte dommarane på audition i TV2-programmet.

Sjå Hustadnes spele trommer her.

- Det er ikkje berre det at du er morosam og gir litt blaffen, men du er teknisk veldig god og har god dynamikk. Eg koste meg, du er dagens! var tilbakemeldinga frå dommar Suleman Malik.

- For ein herleg fyr! sa gjestedommar Ingar Helge Gimle.

Semifinalen med HUstadnes blir sendt fredag 5. mai.