Retura Søre Sunnmøre i samarbeid med VØR og kommunane startar måndag 27. mars med den årlege bygderyddinga, og dette er rekordtidleg, heiter det i ei pressemelding.

Dei fire første bygdene der det vert plassert ut ein konteinar for metall og ein for elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall), er Øye og Urke i Ørsta og Straumshamn og Folkestad i Volda.

Bygderyddinga er ei ordning som har gått over fleire år. Opplegget er at det til ei kvar tid framover frå start og til ein er i mål truleg ein gong ut i mai, vil vere plassert ut konteinarar i fire bygder i dei to kommunane.

Retura Søre Sunnmøre, kommunane og Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) samarbeider med bygdelaga. Tidlegare års erfaringar viser at det som hamnar i konteinaren for metall, i stor grad dreiar seg om gammalt landbruksutstyr, gamle syklar og metallgjerde.

I den andre konteinaren kan det dreie seg om utrangerte frysarar, kjøleskap, fjernsyn og radioar.

– Dette er ei populær og godt etablert ordning ute på bygdene, og vi veit at folk har vente på at vi skal kome med konteinarar. Så lenge folk er flinke til å sortere, er dette også noko som vi vil halde fram med, seier John Arne Steinsvik i Retura Søre Sunnmøre.