Ei arbeidsgruppe i Mørenett ventar nemleg at medarbeidartilfredsheita på kort sikt vil gå ned når femti Ørsta-tilsette byrjar å pendle til ny hovudbase i Dragsund, slik det ligg føre innstilling om.

Møre-Nytt har fått kjennskap til innhaldet i den interne rapporten om samlokalisering av Mørenett sine avdelingar i sør, i Ørsta og i Dragsund i Herøy.

Ulempe

Rapporten fortel at ulempa for dei tilsette vil vere størst ved å velje Dragsund, då dette vil føre til auka ulempe for eit større tal tilsette enn i Herøy.

Vidare går det fram at Tussatun vil vere det beste alternativet ut ifrå ei miljø- og HMS-vurdering. Også når det gjeld framtidig aktivitetsnivå knytt til drift og vedlikehald vert Tussatun vurdert til det beste alternativet. Dette hovudsakleg på bakgrunn av geografi og anleggsmengde som skal haldast ved like. Mørenett har i indre ein større del av luftlinjer med stor geografisk spreiing som er arbeidskrevjande å drifte og fornye.

Trass i argumenta som talar for at Tussatun eignar seg best som hovudanlegg, meiner arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten at Dragsund samla sett vil vere det beste alternativet.

I rapporten vert det også peika på at dei økonomiske konsekvensane mellom Tussatun og Dragsund ikkje er så store at dette aleine kan nyttast som argument for val av lokasjon.

Mørenett reknar å spare 4,8 millionar kroner i året ved å samlokalisere.

– Arbeidsgruppa sin klare konklusjon er at ei samling av Mørenett sin aktivitet i sør vil gi auka effektivitet og kostnadsgevinst for selskapet, og at dette er lokasjonsnøytralt. Innsparingane er knytt til lager og logistikk, redusert arealbruk og ein generell effektiviseringsgevinst ut over dette, seier arbeidsgruppa.

Den peikar også på styrka samhandling og koordinering, og styrking av kompetanse, fleksibilitet og kapasitet.

I rapporten går det også fram at Mørenett som eigar av bygningane i Dragsund er eit stort argument for å samle aktiviteten dit. I Tussatun leiger Mørenett areal.

Krevjande

– Vår vurdering er at eit eventuelt sal av bygningsmassen i Dragsund vil vere krevjande i dagens marknad. Å lokalisere seg i Dragsund vil ha ein fordel for Mørenett med tanke på nøytralitet og «armlengdes» avstand til eigarselskapa, seier rapporten.

Det er Tafjord Kraft og Tussa Kraft som eig Mørenett. Dei held til i same lokale som Tussa.

I tilrådinga til styret står det også at dersom økonomisk risiko vert eliminert eller akseptert frå eigarsida, og at nøytralitet vert vareteke, vert det rådd til at Tussatun vert ny hovudbase.

Saka skal opp til styrehandsaming i slutten av april.