– Utviklar vi forsikringar som påvirkar oss til tryggare atferd, kan det få stor samfunnsmessig betydning, seier Fredrik Langlo, regionbanksjef i SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Smartforsikring er ein ny kategori forsikringar som ved hjelp av teknologi og data motiverer til og belønner atferd som reduserer risikoen for skader og ulykker.

Dette skal mellom anna skje gjennom ein app på mobiltelefonen.

Sparebank1 presiserer at det er teke omsyn til personvernet i utviklinga av forsikringa.

- Personvern og datasikkerheit står veldig sentralt i vår utvikling av nye tenester. Kundane våre skal vere trygge på at vi ikkje samlar meir data enn nødvendig, dei skal vite kva data vi samlar inn og kva dei blir brukte til, seier Langlo.

Trygg Trafikk ønskjer også smart forsikring velkomen.

Sparebank 1 er det første selskapet som lanserer smart bilforsikring. Det skjer like over påske.