- Vi har rundt 40 påmelde til no, som vi synest er bra. No nyleg kom det også påmeldingar frå Sykkylven og Hareid, så det blir representantar frå store delar av regionen på konferansen, seier Karen Høydal, varaordførar i Ørsta og leiar i råd for likestilling av funksjonshemma. Rådet er arrangør for konferansen, som skal ta opp universell utforming av uteområde.

- Vi har likevel valt å utvide påmeldingsfristen til måndag, så det er framleis høve til å vere med, seier programleiar Magne Jonny Krumsvik.

Konferansen rettar seg mot alle som har med utforming av uteområde å gjere: Bygg- og anleggsbransjen, politikarar, utbyggarar, tilsette i skular og barnehagar, administrasjon, brukarorganisasjonar og andre interesserte.

- Det er ein del som burde vore med på denne konferansen som ikkje har meldt seg på enno. Det håper vi dei gjer.

Det kjem innleiarar frå mellom andre Likestillings- og diskrimineringsombodet, Trondheim Kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune til konferansen.