Øyra skule, barneskulen for sentrumskrinsen i Volda, er no ein moderne og framtidsretta skule. I årevis har elevane kjempa med å ta i mot læring i ein nedsarva skulebygning og i provisoriske brakker.

– I august 2015 var det byggjestart på den nye skulen. Vi har budd ved sida av eit anleggsområde. Det har gått fint. No har vi fått ein ny skulebygning med mykje plass. Vi har eit stort amfi, kule stolar, god luft og mykje lys. Vi skal fylle skulen med liv og kvalitet. Det aller viktigaste i den nye bygningen er de elevane. Vi skal ta med oss det gode frå den gamle bygningen, og utvikle endå betre opplevingar i den nye skulen, helsa rektor Steinar Ose Velle under opningsseansen fredag morgon.

På flyttefot

Elevane har vore på flyttefot i ein og to dagar. Nokre tok klasseromma sine i bruk onsdag, medan andre flytta over fredag.

Snarast råd vert endringane på det gamle skuleområdet sett i gang. Hovudbygningen skal sanerast, og der skal det lagast til uteområde, medan paviljongbygningen skal byggjast om.

Samfunnsoppgåve

Ose Velle la i helsinga si vekt på at Øyra skule skal vere ein stad der det skal byggjast kunnskap.

– Det er det som er samfunnsoppgåva til skulen. Eit nytt bygg er ikkje nok, men med gode fysiske forhold er det lagt til rette for eit mykje betre læringsmiljø, poengterte Ose Velle.

Elevrådet opna

Det var Henna Holsvik Eriksen og Ine Osvoll, representantar for elevrådet ved Øyra skule, som stod for den offisielle opninga. Dei fekk æra av å klippe over snora, til stor jubel frå elevar og dei tilsette ved skulen.

Det vil koste Volda kommune 255 millionar kroner å byggje Øyra skule, pluss å sanere den gamle bygningen. Skulen har fjorten klasser. Alle klasseromma har eigen inngang, og i tillegg er det fleire fellesrom og spesialrom til undervisninga. Hjartet i den nye bygningen er det store amfiet, med plass til alle dei 350 elevane og alle dei tilsette.

Til stades på opninga var byggjenemndsleiar Jan Henning Egset og byggjeleiar Anne Mari Falkevik

Opna: Henna Holsvik Eriksen og Ine Osvoll fekk æra av å klippe snora. Foto: Rune Sæbønes