Det seier rektor Martin Staxrud om tilbodet aktiv fritidsordning. Den første veka i skuleferien og dei to siste vekene før skulane startar opp att vil Møre FHS ha tilbod om aktiv fritidsordning.

– Dette skal vere eit tilbod til dei frå 1.- til og med 5. klasse som ikkje tek del i skulefritidsordning (SFO) eller fotballfritidsordning (FFO). Vi ynskjer heller ikkje å bli oppfatta som ein konkurrent til SFO eller FFO.

Ideen om å kunne gje eit aktivitetstilbod til borna i Volda og Ørsta kommunar har folkehøgskulen tenkt på ei stund. No realiserer dei tankane og vonar at tilbodet vert teke imot på ein god måte.

– Vi har svært gode lokalitetar for å gjennomføre eit slikt tilbod med klatrevegg, leikeutstyr, gymsal, mykje utstyr som går på friluftsliv, kompetanse og vi kan enkelt kome oss ut på tur med tilgang til minibuss, seier friluftslivslærar Birte Einan.

Folkehøgskulen er kjend for sine liner knytt til adventura, idrett, friluftsliv, animasjon og Kina. Dei ynskjer å nytte seg av kompetansen internt på huset i det nye tilbodet.

– Vi har pedagogisk verksemd på skulen fram til midten av mai, og etter det er det tre månader der skulen nesten står tom. Vi har flotte fasilitetar, eit godt pedagogisk personale og eit godt kjøkken. Å lage ei fritidsordning som inkluderer vår kompetanse meiner vi vil vere eit godt tilbod. Slik vi har forstått det har det og vore eit ynskjer om eit slikt tilbod, seier Staxrud.

Rektoren kjenner til liknande tilbod i Oslo knytt til m.a. allidrett, friluftsliv og form og farge.

– Dette er populære tilbod, og vi ynskjer å gje eit svært allsidig tilbod her. Det skal treffe alle typar barn.

Folkehøgskulen understrekar at tryggleiken til borna vert prioritert.

– Vi skal ha nok personell på jobb til å ta hand om borna til ei kvar tid, og ungane skal ha det godt her, seier Einan.

Med eigne kokkar på skulen skal borna få servert god og sunn lunsj kvar dag, og dei skal og få tilbod om å vere med å lage sin eigen lunsj.

– For oss vert dette eit prøveprosjekt i år. Om dette vert ein suksess vil vi utvikle konseptet vidare, men det kjem an på kor mange som ynskjer å ta del.