– Vi sådde frø av sellerirot på purreløk. Det passa ungane godt, og vi let dei gjere det meste. Det er så kjekt å sjå den oppveksande generasjon, så oppslukt av, noko så enkelt, som mikroskopiske frø! skriv Lillian Auflem Øye på Facebook-sida til Ørsta andelsgard. Dugnaden var søndag.

Initiativet til prosjektet vart teke i fjor. Det vart laga ein forsøksgard i fjor, med dyrking av fleire vekstar. I år er det tid for den første skikkelege avlingssesongen til garden, og no er dei første frøa i jorda.

På andelsgarden går fleire saman om å dyrke jorda, og haustar så kvar sin del. Sjølv om noko av arbeidet blir utført på dugnad, skal Ørsta andelsgard også leige inn ein eigen gartnar som skal halde jorda i hevd.

– Føremålet er å produsere økologiske landbruksvarer til eige bruk etter andelshavarane sine ønske, seier Auflem Øye.

Det er andelshavarane sjølve som på årsmøtet bestemmer kva slags vekstar som skal plantast.

Andelsgarden er organisert som eit SA, med Auflem Øye som dagleg leiar. Dei har inngått avtale om leige av jord på Pe-Garden i Follestaddalen, og agronom Trine Foldal skal fungere som gartnar for garden.

Store og små: Både store og små var med på å plante dei første frøa til andelsgarden søndag. foto: privat Foto: Privat
initativ: Nokre av initiativtakarane til Ørsta andelsgard. Frå venstre: Lillian Auflem Øye, Kristin Vestøl, Iren Aambø og Knut Arne Nygård. Bildet er frå då arbeidet med prosjektet tok til i 2016. Foto: Marius Myklebust