Flyselskapet startar opp i Nord-Noreg, på rute mellom Tromsø og Hammerfest, men har varsla rask utviding av rutenettet.

I Sør-Noreg er Ørsta Volda lufthamn vurdert som ein svært interessant flyplass for selskapet. Det same er Florø lufthamn.

Flyviking, som er starta av den tidlegare Widerøe-kapteinen Ola Giæver jr., skal flyge med Dash 8-100-fly. Dette er same flymaskin som Widerøe nyttar på Hovden i dag.

Giæver seier til Aftenposten at Flyviking vil drive etter den same lågprisstrategien som Norwegian. Han seier også at han gjerne vil ha på plass eit rutesamarbeid med Norwegian. Norwegian avviser ikkje eit slikt samarbeid overfor avisa.