I 2016 var 9.169 personar medlemer av Den norske kyrkja i Ørsta. I 2015 var talet 9.206. Nedgangen er på 37 personar. I snitt er 85,3 prosent av innbyggjarane i Ørsta medlemer av kyrkja. Landssnittet ligg på 71,3 prosent. Det viser statistikk som Statistisk sentralbyrå har presentert.

I 2014 var medlemstalet i Ørsta på 9.194 personar. Talet auka altså med 12 personar til 2015, før det gjekk ned att i 2016.

I Volda var 79,7 prosent av innbyggjarane medlemer av Den norske kyrkja i 2016, eller 7.256 personar. Medlemstalet i 2015 var på 7.321, og i 2014 på 7.304.

På landsbasis er 3.750.705 personar, busett i Noreg, medlemmer i Den norske kyrkja per 31.12.2016. I 2016 døydde det om lag like mange medlemer som det vart døypt og innmeldt til saman. Nedgangen på 38.666 medlemer (1 prosent) frå 2015 til 2016 skuldast difor hovudsakleg utmeldingar, korreksjonar i registeret, og utvandring.