Rundt 400 meter av Sæbønesvegen fram til skjeringspunktet mot Flatnesvegen på Sæbø er i dag grusveg og mykje trafikkert. Tidlegare har det blitt løyvd pengar til utbetringar av vegstrekket, men usemje gjorde at planane stoppa opp. No har Sæbø grendalag teke initiativ til eit ope møte om vegen komande onsdag på klubbhuset til Sæbø IL.

– Til møtet kjem både politikarar og administrasjonen i Ørsta kommune. Dei vil informere og vonleg får vi framgang i saka. Møtet er ope og vi ynskjer at dei som har meiningar og synspunkt møter opp og tek del, seier leiar Øyvind Taklo i Sæbø grendalag.

Delar av vegen er ferdig oppgradert, men det står att litt arbeid for på Sæbønesvegen før den vert knytt saman med Flatnesvegen. I løpet av dei siste åra har det blitt innført strakstiltak på grusvegen for at m.a. ein mur ikkje skulle rase ut.

– Grendalaget tek no initiativet til møtet, men det er den einaste rolla vi har i dette. Det er kommunen som skal rettleie og få fart på saka.

Grendalaget er nøgde med at det blir teke tak i saka, og vonar at det også vert framgang i saka.

– Her er prosjekt om husbygging og det kan kome mange fleire hus. Då vert vegen mykje meir brukt, og difor er det viktig at den vert trygg og god å bruke for skuleelevar og andre.

Meisterbygg Møre ved byggmeister Arild Aarseth er i prosjekteringsfasen på fleire bueiningar i området.

– Alle er tente med ein trygg og god veg, men det er viktig å tenkje på dei mjuke trafikantane også. Det er mykje positivt som skjer på Sæbø. Til jul stod seks bueiningar ferdig, og desse leilegheitene kunne vi ha selt både tre og fire gongar utan problem. Sæbøneset er eit flott område og sentralt med tanke på gangavstand, men det må vere mogleg å ferdast langs vegen på ein trygg måte. Det å få oppgradert resten av vegen vil vere ein vinn-vinn-situasjon for å bitte saman sentrum og Sæbøneset, seier Aarseth.

Taklo understrekar at det er mange som lyst til å flytte til Sæbø.

– Her er mangel på barnehageplassar og mangel på hus. Det er ei hastesak å få på plass bueiningar, og vi er glade for at Arild har teke initiativ til å byrje å bygge. Vi treng folk til bygda og fastbuande.