Det var på førre kommunestyremøte at det kokte over både for ordførar Stein Aam (Sp) og andre kommunestyrerepresentantar. I løpet av det langdryge møtet vart kommunestyret redusert frå 33 medlemmer til ned mot tjuefem. Representantane måtte nå andre avtalar.

Då bestemte ordføraren der og då at det komande kommunestyremøtet skal starte ein time tidlegare, kl. 13.00, slik at møta ikkje varer til langt ut på kvelden.

Ørsta Høgre er samd i at møta er for lange, men ikkje samd i løysinga til Aam.

– Vi startar tidlegare på dag, men er likevel ikkje ferdige før langt på kveld. No ønskjer ordføraren, med fleire, at vi skal starte endå tidlegare. Vi reagerer både på framgangsmåten og løysinga, seier gruppeleiar Per Are Sørheim i ein interpellasjon til kommunestyret.

– Det bør vere mogleg å leggje til rette for at kommunestyremøta ikkje skal vare lenger enn 4 timar, men då krevst det ei tydlegare møteleiing og ei prioritering av kva saker ein vel å ha på sakskartet. Vi i kommunestyret treng heller ikkje å ta ordet i saker der vi alle er samde og det meste er nemt av føregåande talar, seier Sørheim i interpellasjonen.

Ørsta Høgre meiner at lengre faglege orienteringar og synfaringar i hovudsak bør leggjast til utvala og formannskapet.

– Og ikkje minst kan vi vere langt meir selektive for når det er nødvendig å kome med tilleggspunkt og alternative forslag til vedtak, skriv Sørheim.

Det viktigaste momentet meiner Høgre uansett er at lange kommunestyremøte med tidleg startpunkt gjev konsekvensar for kven som har høve til å stille til val til kommunestyret.

– I Høgre ser vi det som ei utfordring for demokratiet at det vært stadig færre representantar frå privat sektor. I dag har godt over halvparten av kommunestyret jobbar i det offentlige. Dei reelle moglegheitene til å ta permisjon i arbeidstida er langt svakare i privat sektor enn den er i det offentlige. Vi ser dette svært godt i eigen kommunestyregruppe der vi hittil i perioden berre ein gong har stilt med det «opprinnlege» mannskapet grunna jobbrelaterte forhold.

Høgre er også kritiske til framgangsmåten med at ordføraren åleine bestemte nytt møtetidspunkt. Høgre ynskjer starttidspunkt kl. 14.00, og at møta er ferdige til kl. 18.00.