Det vert ny vidaregåande skule i Ørsta.

Det seier byggje- og vedlikehaldssjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per-Olaf Brækkan. Det har siste tida vore hektisk møteaktivitet mellom fylkeskommunen og Ørsta kommune. No jobbar Brækkan med ei sak der tilrådinga er krystallklar: Det må verte bygd ny vidaregåande skule i Ørsta. Dette skal opp utdanningsutvalet, før fylkestinget ventar i juni, og vidare inn i investeringsbudsjettet i desember.

– Eg er ikkje pessimist med tanke på å få politikarane til å gå for dette. Alle ser at vi må bygge ny skule, seier Brækkan.

Han fortel at han har ein plansje hengande på veggen på kontoret sitt som viser tilstandsgraden på Ørsta vidaregåande skule.

– Tre av fire bygg lyser raudt mot meg. Skulen er i svært dårleg stand, verst i fylket. Å flikke på dette vil vere dyrare enn å bygge nytt.

Berre det som av mange vert kalla «husmorskulen» er i så god stand at det framleis kan verte brukt.

Så snart politikarane i fylkestinget har sagt sitt, vil fylkeskommunen hyre ein arkitekt som skal lage ulike forslag til løysingar.

– Vi tenkjer at skulen skal vere nært knytt opp mot kulturhuset. Det gjer også nybygget billegare. I kulturhuset kan kinosalen verte nytta som auditorium, og vi tenkjer også sambruk av kafé/kantine og ei vidare utvikling av biblioteket.

Dermed går prislappen ned frå 400 millionar kroner, til 300 millionar kroner.

Ei vidare utvikling av kulturhuset kan også bety ein ny kinosal nummer to, renovering av flatsal og kjøkken, ny foaje m.m.

– Med arkitekt på plass vil vi få ulike framlegg til korleis vi kan utnytte tomta, og korleis vi skal få plass til alt som trengst av arbeidsområde for mellom anna elektroverkstad, bygg- og anleggsfag m.m.

Kjem skulen inn på investeringsbudsjettet, er utlysing av konkurranse det neste steget. Ein reguleringsplan for området må også på plass.

– Går alt på skinner, vert det byggjestart tidlegast opp mot jul i 2019, men det seier eg med atterhald om moglege endringar undervegs.

Brækkan rosar samarbeidet med Ørsta kommune, og ser at mykje er i ferd med å falle på plass i Ørsta.

– Der skjer utruleg mykje spennande og bra, med utgangspunkt arkitektkonkurransen Europan. Løysinga som vert skissert for den nye vidaregåande skulen vil vere heilt i tråd med dette.

Mykje jobb

Det er ordførar Stein Aam heilt samd i.

– Dette er kanonbra. Det er eit historisk gjennombrot, og noko som mange har jobba intenst med det siste året. No er eg berre glad! Dette betyr mykje, ikkje berre for ørstingane. Eg har fått tilbakemeldingar frå folk mellom anna i Vanylven, som seier at det å skulle sende sekstenåringane sine på skule til Ålesund, stikk mykje djupar enn å sende dei til Ørsta. Det er kortare veg heim. Vi treng skikkelege skular i distrikta også.

Aam legg ikkje skjul på at arbeidet med å få gjennomslag for nybygg i Ørsta har teke mykje tid.

– Eg har teke steikande mange telefonar, for å snakke i sterke ordelag. Men no skal dette i boks!

To bustadhus må verte løyst inn for å gi plass til den nye skulen. Der er framleis ein veg å gå før alle planane er klare. Men ting rører på seg.

– Sjå alt i samanheng. Fleirbrukshallen, sambruk mellom kulturhus og ny vidaregåande skule, ei utviding av Amfi, utvikling av Mørebil-tomta. Dette opnar for mykje. Vert den gamle skulen sanert, kan det også opne seg moglegheiter for kommunen når det gjeld utvikling av Velle skule. Dette er berre veldig, veldig bra!

Optimist: Byggje- og vedlikehaldssjef Per-Olaf Brækkan i fylkeskommunen. Foto: mrfylke.no Foto: fylkeskommunen