Dei hadde ikkje før kome i gang med første nummer, der tre karar kom spaserande ut av skåpet, ein etter ein i kjolar og tyll, før trampeklappen løfta taket på Ervingen i Hovdebygda. Med «Ute på prøve» viser Hovderevyen nok ein gong kva dei er laga av. Det er ikkje eit einaste tema som har gått revy-gjengen hus forbi. Kommunesamanslåing, ulvepolitikk, fjellet Mannen, Trump og Listhaug, Therese Johaug, Stadt skipstunnel, vigsle av homofile, og sjølvsagt ein god dose med bygdesladder, bygdeparodiar, og eit lite stikk til Osgeil-saka som har versert i media siste året. Med mykje meir.

Imponerande

– Det er utruleg bra det dei får til. Berre det at dei tek initiativ til noko slikt skal vi vere veldig glade for, seier Inga Ryste, etter å ha klappa seg raud i hendene.

– Alle er så flinke. Men Kirsten Ose. Altså, ho er prima! Og Mads Ryste, som gjer dette år etter år. Og Bella Sandvik. Snart nitti år og i full vigør på scena. Det er berre imponerande!

Martin Åsen var like begeistra.

– Kjempebra! Vi skal vere takksame for at vi har ein så flott gjeng som klarer å få til ein så god revy. Det er ikkje mange stader dei lagar slike revyar lenger. Det er mykje som skal klaffe, og det er berre utruleg bra det dei presterer.

Sjølvskrivne gjester blant publikum var næraste slekta til Bergliot «Bella» Sandvik - ein travar i revysamanheng.

– Eg er kanskje ugild når eg seier at mormor er favoritten, ler Janne Brit Aasen.

– Men dette var berre knallbra. Og eg er særleg imponert over dei nye unge tilskota på scena. Dei song veldig bra. Det er kjekt at det kjem inn nye. Her var det mykje bra humor, både det nære og om det som skjer ute i verda. Så må eg berre legge til at eg er svak for Kirsten Ose. Eg elskar humoren - den utan så mykje mål og meining. Ho er berre god.

Frekke

11 personar briljerte på scena, dobbelt så mange har jobba i kulissane. Resultatet er upåklageleg. Best var det når dei harselerte med lokale vanar og uvanar. Hovdebygdingane er nøytrale. Dei bur midt mellom Ørsta og Volda. Då toler vi det. Dei som ikkje fekk med seg premieren fredag, har sjansen både onsdag og fredag denne veka.

– Vi skaut frå hofta, og kanskje meiner de vi var litt frekke, song dei i avslutningsnummeret. Og avslutta med ein lovnad.

– Vi kjem tilbake.

Det er berre å gle seg.

Ulv-Ulv: Heftig parodisering av ulveproblematikken, med eit TV2-team til gards. Bernhard Pedersen som fotograf og Kari Flø som reporter. Og PR-kåte «bønder» med Mads Ryste (bak til venstre), Bergliot (Bella) Sandvik og Roe Digernes. Alle foto: Roy-Arne Folkestad Foto: Roy-Arne Folkestad
Veteran og general: Mads Ryste og Hovderevyen er synonymt med suksess. Han stod for regi og instruksjon, i tillegg til nokre av tekstane. Foto: Roy-Arne Folkestad
Ungdomen: Rekrutteringa til Hovderevyen går godt. Dei unge hausta mykje ros frå publikum. Her er f.v. Ingvild Berge Conradsen og Amalie G. Wollmann saman med revyveteran Kirsten Ose. Foto: Roy-Arne Folkestad
Trump+Listhaug: Ei høggravid Sylvi Listhaug med sin nye flamme, president Trump. Foto: Roy-Arne Folkestad
For mykje smøring: Den dopingdømde skistjerna Therese Johaug slepp ikkje unna, heller ikkje i Hovderevyen, godt spelt av Bernhard Pedersen som Johaug. Foto: Roy-Arne Folkestad
Kommunesamanslåing: Hovderevyen baud på debatt om Volda + Ørsta. Hovdebygdingane var sjølvsagt sterkt representert med sine meiningar. Her er Arnfinn Skurtveit og Kari Flø. Foto: Roy-Arne Folkestad
I sitt ess: Kirsten Ose reflekterer over livet, til stor latter frå publikum. Foto: Roy-Arne Folkestad