Leiaren for avdelinga, Kåre Hjelle, fortel om den pressa situasjonen, og ei enorm mengd arbeidsoppgåver:

– I min arbeidssituasjon og i mi avdeling er det slik at vi heile tida har mykje, mykje meir å gjere enn vi rekk over, med oppmålingsforretningar, matrikkelføring, nykartlegging, ajourhald av kartverk, sal av kartdata, sakshandsaming av seksjonering av bygningar, arbeid med nye adresser og vedlikehald av adresseregisteret, hjelp til alle som kjem innom, ringer eller sender e-postar og mykje meir.

– Eg vart ein periode også pålagt å vere brannsjef for fylket si nest største brann- og redningsavdeling – og det i ei tid med minimal arbeidshjelp i denne avdelinga. Det er ikkje rart at arbeidet hopar seg opp, seier Hjelle.

Hjartesukket hans kjem i samband med at Hjelle svarar på eit brev frå Lars Kristian Norang. Han har purra på kommunen for å få eit svar på eit brev som gjeld nokre bytesteinar langs vegen frå Norang til Stenes. I brevet beklagar Kåre Hjelle seint svar frå kommunen. Han gir opp sterkt arbeidspress som årsak.

Prioritere

– Vi må prioritere så godt vi klarer, og ta all stikking, oppmåling og saker der det er planlagt bygging av hus, legesenter, idrettshall, industriområde, nye byggefelt, nye idrettsbaner, nye vegar, nye gangvegar, nye kart, kart på internett og ny adressering av 2.700 nye vegadresser, fortel Hjelle.

Berre adressearbeidet krev over eitt årsverk.

– Alt dette hastar og har store økonomiske følgjer dersom det nemnde arbeidet ikkje vert gjort. Vi har dessverre fleire liknande saker som vi ikkje har hatt tid til å prioritere. Dette skriv eg og viser til at eg i alle år har arbeidd langt over ei full stilling i kommunen, fortel Hjelle i brevet til Norang.