Det går fram av asfalteringsprogrammet som vegvsenet no presenterer.

I tillegg vert det ny asfalt på strekninga fv. 655 Anders Hovden-gata – Brekke, og det vert ny asfalt i Melsbygda.

– I Møre og Romsdal har fylkeskommunen løyvd 78 millionar kroner til asfaltering av fylkesvegar, seier leiar for asfaltseksjonen i Statens vegvesen, Thor Asbjørn Lunaas.

Det skal asfalterast 110 km fylkesveg. I tillegg skal vegvesenet asfaltere 150 km riksveg. I Møre og Romsdal er det til saman ca. 54 mil riksveg og ca. 300 mil fylkesveg.

– For å få best effekt ut av pengane, så vel vi å asfaltere lengre strekningar. Vi prioriterer strekningar som er sporete og har dårleg standard, seier Lunaas.

Kvart år måler Statens vegvesen dekketilstanden på alle riks- og fylkesvegar ved hjelp av ein laserskanner som er montert på ein bil.

– Vi har gjennomført årlege målingar heilt sidan 1990. Vi har derfor svært god oversikt over dekketilstanden på vegnettet. Målingane er grunnlaget for prioriteringane våre, dvs. kva vegar som får asfalt i år og de neste årene, seier Lunaas.

Byrjar i mai

Vegvesenet og entreprenørane byrjar å leggje asfalt i mai, og avsluttar sesongen i september. Sjølv om det vert asfaltert ca. 260 km riks- og fylkesvegar i år, vil ikkje alle vegar som har f.eks. djupe spor, få nytt dekke.

– Vi har ikkje nok middel til å asfaltere alle vegar som burde hatt nytt dekke. Vi må prioritere. Når vi prioriterer mellom vegar, så spelar trafikkmengd, kor stor del tungtrafikk det er på vegen og trafikksikkerheit inn, seier Lunaas.

Kva for strekningar som får asfalt i 2017, vart planlagt hausten 2016.

I Ørsta er det løyvd midlar til å asfaltere til saman åtte strekningar på E39 mellom Ørsta sentrum og Festøya. Den lengste strekninga er Vartdal - Barstadvik.

Vidare er det sett av midlar til Anders Hovden-gata - Brekke, om lag to km, og 1,8 km på fylkesvegen i Melsbygda.

I Volda er det sett av midlar til asfaltering i Bjørkedalen, mellom Straumshamn og Mek, mellom Fyrde og Høydalen (flatelapping), og på fylkesvegen på Ekset.