Mahmoud Dasho bur på Vartdal. Då han kom ut av bustaden sin tysdag morgon, og såg bilen sin, fekk han sjokk: Nokon hadde knust bakruta på bilen, og sideruta på førarsida. Få dagar tidlegare hadde nokon tappa lufta ut av det eine dekket på bilen. Mahmoud forstår ikkje at slikt kan skje på Vartdal.

– Vartdal er ein fin og fredeleg stad å bu, og folk i bygda er svært venlege og imøtekomande. Eg har aldri møtt noko trøbbel her, og eg har ingen konfliktar med nokon. Det er difor uskjøneleg at eg skulle verte utsett for slikt hærverk, seier Mahmoud.

Han er flyktning frå Syria, og har budd på Vartdal i halvanna år. I bygda er Mahmoud etablert med kone og tre små born. Den eldste går på skule medan dei andre borna går i barnehagen.

Mahmoud og kameratane Ahmed Abuljalil Alomar og Jihad Hennawi, som også er flyktningar frå Syria, var dei første flyktningane på Vartdal. Dei vart tekne godt imot av bygdefolket som arrangerte velkomstfest for dei då dei kom. I dag bur Jihad i Melsvegen, medan dei to andre framleis bur på Vartdal, der dei har bustad nær sjøen i sentrum. Frå å vere trygge, rår det no uro mellom dei tre syrarane etter at nokon har ramponert bilen til Mahmoud.

– Vi veit ikkje kva vi skal tru om dette, og om det er rasistisk motivert eller berre er hærverk gjort av pøblar. No er vi veldig redde, ja, vi er sjokkerte over at nokon kan gå fram slik. Vi kom til Noreg for at her skulle vere trygt. Vi håper dette var eit eingongstilfelle. Dersom Vartdal vert ein utrygg stad for oss, veit vi ikkje kva vi skal gjere, fortel syrarane.

Det vil koste kring 20.000 kroner å få reparert bilen til Mahmoud som han er avhengig av i det daglege. Alle tre syrarane går på norskopplæring på opplæringssenteret i Ørsta.

Syrarane kontakta politiet etter hærverket og fortel at dei har meld saka.

– Vi trudde politiet ville kome og sjå på bilen, og gjere undersøkingar, men det gjorde dei ikkje, seier dei.

Lensmann Guttorm Hagen fortel at meldinga er nøyaktig loggført av operasjonssentralen.

Opptekne

– Eg forstår meldar si fortviling. Våre patruljar var opptekne med prioriterte gjeremål og vart ikkje engasjert. Det var ingen informasjon om gjerningsperson. Meldar skal normalt inngi formell melding. Det kan skje per nett, eller ved oppmøte på lensmannskontoret i dei høve ein patrulje ikkje rykker ut med ein gong. Eg ynskjer å få slik melding, seier lensmannen.

– Vi har ikkje grunnlag førebels til å vurdere eventuelt motiv i saka. Skadeverk er for tida svært uvanleg i dette området, fortel lensmannen som ber publikum om tips i saka.