Det seier leiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås, etter at det i laurdagsutgåva kom fram hard kritikk mot han frå oppsitjar Frode Weider.

Der refererte Møre-Nytt eit skriv frå Weider til kommunen, der han kritiserte kommunestyrefleirtalet for å ha vore nyttige idiotar for utbyggjaren og Inge Kolås med å leggje ein gangveg til bustadfeltet og langs Ytrehovdevegen inn i hustunet hans.

– Men eg er ikkje part i dette, og har ikkje hatt kontakt med utbyggjaren. Eg kjende meg ugild i saka, og det var fordi eg som medeigar i Ørsta Byggservice AS har interesser i ein eigedom der gangvegen skal starte, ved Ervingen. Altså langt frå området som er stridstema. Her handlar saka om eit ynske om at der skal få vere ei avkøyrsle frå denne eigedommen, fortel Kolås.

Han varsla kommunestyret skriftleg om sin ugildskap dagen før møtet, og tok dette opp under møtet i kommunestyret, og han vart kjend ugild.

– Det eg i tillegg skulle ha bedt om, var å få delt handsaminga av saka i to, slik at eg vart ugild det som vedgjekk eigedommen ved Ervingen, men ikkje sjølve utbygginga av Pe-marka. I ettertid ser eg at det var uheldig, seier Kolås.

Osgeil-saka

Han kritiserer Møre-Nytt fordi han ikkje fekk samtidig imøtegåing av Weider sin påstand i det refererte skrivet til kommunestyret ved ordføraren.

Kolås er også kritisk til Møre-Nytt sin leiarartikkel vedkomande Osgeil-handsaminga. Kolås synest Møre-Nytt tok vel hardt i, og opplever at han vert kopla til ei langt meir alvorleg sak i Trondheim.

I leiarartikkelen vart Kolås kritisert for i kontrollutvalet ikkje å ha vedgått at han ville lukke møtet i samfunnsutvalet der han flytta møterom under handsaminga av Osgeil-saka i februar.

– Det eg fortalde kontrollutvalet, er at eg ikkje ville lukke møtet, berre stille nokre oppklarande spørsmål til samfunnsutvalsmedlemmene. Det var ikkje intensjonen å halde nokon ute, noko eg også svara då eg fekk spørsmål om det frå pressa, seier Kolås.