Laurdag 25. mars er det duka for kulturkveld i Ørsta frikyrkje. Då kan publikum få høve til å oppleve noko av det beste Sørlandslitteraturen har å by på. Gabriel Scott vert, ved sidan av Vilhelm Krag, rekna som den fremste sørlandsdiktaren.

Scott (1874-1958) ga i alt ut meir enn førti bøker. Titlar som Det gylne evangelium, Sølvfaks, Tante Pose, De vergeløse, Jernbyrden, Pider Ro`s historier og den filmatiserte romanen Fant (med Toralv Maurstad i hovudrolla) vil vere kjende for mange. Men den boka som utan tvil fekk aller størst merksemd er Kilden eller Brevet om fiskaren Markus. Og det er nettopp denne boka vi får høyre utdrag frå på kulturkvelden som Volda og Ørsta kyrkjeakademi arrangerer i samarbeid med Ørsta frikyrkje. Mellom tekstutdraga, framført på klingande sørlandsdialekt, vil jazzmusikarane Torgeir Hovden Standal og Torkjell Hovland framføre korte meditasjonar på gitar og kontrabass.

Gler seg

Initiativtakaren til det heile, eks-sørlendingen Per Oleiv Hovland, har med lys og lykte plukka ut nokre songar som står seg godt til kveldens tema. Desse vert i hovudsak framførte av songaren Arnulf Hjertvik og pianisten Marie Austrheim Riise. På nokre av songane vil også publikum få høve til å ta del.

– Eg har gledd meg til denne kvelden i snart eit år. Gabriel Scott og Kilden er breiddfull av humor og livsvisdom, og eg er viss på at programmet vil falle i god jord også hos sunnmøringar, ja, kanskje nettopp her? Takksemd og undring over livet, nøysemd og samspel med naturen, er noko som ikkje har mindre aktualitet idag enn då Kilden kom ut for snart hundre år sidan. Hovudpersonen i Kilden har i ettertid vorte trekt fram som «vår første miljøvernforkjempar». Andre har gjennom Markus sine enkle, men klarsynte funderingar over livet, menneska, Skaparen og skaparverket, gjort seg mang ein interessant refleksjon over vår tids spissfindige teologiske diskusjonar og søk etter meining i tilveret.

Vel møtt til ein kulturell laurdagskveld med fellesskap, songglede, smil og latter, ettertanke og undring, - på tvers av det meste.

torkjell
Spelar: Jazzmusikarane Torkjell Hovland og Torgeir Hovden Standal kjem til Ørsta frikyrkje 25. mars, og byd på korte meditasjonar på kontrabass og gitar.
Piano: Marie Austrheim Riise stiller bak tangentane. Foto: Joachim Åsebø