Sparebank 1 Søre Sunnmøre hadde med seg Labb og Line til Bondalseidet tysdag kveld. Eit populært innslag, i tillegg til sjokoladekake og buff.
            (Foto: MJK Media)

Sparebank 1 Søre Sunnmøre hadde med seg Labb og Line til Bondalseidet tysdag kveld. Eit populært innslag, i tillegg til sjokoladekake og buff.Foto: MJK Media

Trimrenna fekk besøk av Labb og Line

Trimgruppa i Ørsta Idrettslag arrangerte tysdag kveld det siste trimrennet på Bondalseidet denne sesongen.

Tradisjonen tru vart det delt ut sjokoladekake og ein buff til alle born.

Arrangøren var så heldig å få ein prat med sparebanken sin profileringsmaskot Labb ute i løypa. Saman med kollega Line skapte han ekstra god stemning denne kvelden. Trass i litt ruskete ver var det over 100 born som hadde funne vegen til ei lit våt og isete løype denne kvelden. Såleis var det fleire som stilte utan ski, men vi fann også fleire born og føresette med ski på føtene.

Sjølv om det tiande og siste trimrennet er avvikla, kan no alle born som har delteke på trimrenn denne sesongen, sjå fram til premieutdeling i regi av ØIL Trimgruppa på Ørsta kulturhus laurdag 22. april. Arrangøren gler seg til å møte igjen alle borna som har delteke på eitt eller fleire trimrenn denne sesongen.

ØIL Trimgruppa ser fram til ein ny sesong med onsdags- og søndagsturar. Årets sommarpostar er også meir spennande og kreative enn tidligare år. Det er berre å sjå fram til mange spennande turar.


ØIL Trimgruppa

Meir å lese på Møre-Nytt:
God stemning på Bondalseidet tysdag kveld
            (Foto: MJK Media)

God stemning på Bondalseidet tysdag kveldFoto: MJK Media

Dette vert lest no:

Sokneprestane svarar Hans Reite

- I våre auge forkludrar Reite den heilt grunnleggande kristne tanken om at menneska er skapte i Guds bilete, sjølvsagt heilt uavhengig av til dømes seksuell legning.

Black Friday

Økonomen Thomas sparte 11.500

- Men gå ikkje inn og dra kredittkortet blindt

Må kutte 300-450 millionar

Dramatisk situasjon for sjukehusa i fylket.

Hans Reite og homofili

Homo-aksjon mot Nytt Livs senter

- Dei skal ikkje buse fram slik, seier Hans Reite.

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Håper på gangveg til Vatne

– For ti år sidan byrja eg å sykle frå Vatne til Ørsta. På desse ti åra har trafikken auka mykje. No vert eg engsteleg av å sykle denne strekninga.