Tradisjonen tru vart det delt ut sjokoladekake og ein buff til alle born.

Arrangøren var så heldig å få ein prat med sparebanken sin profileringsmaskot Labb ute i løypa. Saman med kollega Line skapte han ekstra god stemning denne kvelden. Trass i litt ruskete ver var det over 100 born som hadde funne vegen til ei lit våt og isete løype denne kvelden. Såleis var det fleire som stilte utan ski, men vi fann også fleire born og føresette med ski på føtene.

Sjølv om det tiande og siste trimrennet er avvikla, kan no alle born som har delteke på trimrenn denne sesongen, sjå fram til premieutdeling i regi av ØIL Trimgruppa på Ørsta kulturhus laurdag 22. april. Arrangøren gler seg til å møte igjen alle borna som har delteke på eitt eller fleire trimrenn denne sesongen.

ØIL Trimgruppa ser fram til ein ny sesong med onsdags- og søndagsturar. Årets sommarpostar er også meir spennande og kreative enn tidligare år. Det er berre å sjå fram til mange spennande turar.

ØIL Trimgruppa

God stemning på Bondalseidet tysdag kveld Foto: MJK Media