Kvart år opnar hundrevis av nordmenn profilar på sjekkenettstadar i håp om å finne ein hjarteven. Men inne "online" er også kriminelle på søk etter einsame og sårbare personar. Jakta deira er retta mot tilgang til lettvinte pengar og svindlarane finn fram til kvinner og menn frå Møre og Romsdal. I tilfellet frå Sunnmøre no nyleg var det banken som varsla og etter kontroll vart transaksjonen stoppa.

Vis aktsemd.

- Politiet vart innkopla og vi såg blant anna at det var dokumentforfalsking og ID-tjuveri, seier Eivind Klokkersund som leiar økoteamet på Sunnmøre i ei pressemelding. Han åtvarar og oppmodar om at ingen let det gå så langt at det einaste som står att er å melde pengane som tapt. Om det vert spørsmål om å overføre pengar til den nye venen din, bør du kople inn nokon som kan analysere situasjonen nøkternt.

Skjer overalt på nettet

Svindel som dette skjer over alt på nett. Den startar i same stunda som nokon seier dei er interessert i deg. Svindlarane brukar godt med tid på å opparbeide seg tillit og så kjem spørsmålet om pengar.

- Har du fyrst sendt eit mindre beløp, kjem det ganske snart spørsmål om å få meir. Det oppstår gjerne vanskar, som berre du kan bidra med å løyse gjennom ei ny økonomisk gåve. Bak svindelen står kriminelle. Dei brukar den personlege informasjonen du har lasta opp på sjekkenettstaden i kombinasjon med andre opplysingar dei finn om deg på nettet. Dei falske profilane dei sjølv har oppretta er gjerne utforma for å passe dine interesser, seier Klokkersund.

Skaff deg hjelp til å vurdere   I tillegg til å miste pengane dine til nokon som på ingen måte har intensjon om å vere din venn, kan du uvitande ha delteke i kvitvasking gjennom å ha sendt pengar ut av landet.

- Svindelen blir stadig meir avansert. Det er her bankane kan hjelpe og politiet. Vi har rutinar for blant anna å avdekke falsk dokumentasjon. Om du trur du er utsett for denne type svindel må du seie frå, oppmodar Klokkarsund.

Opplysningane som politiet får inn om slike saker vert lagt saman og koordinert inn mot sentrale myndigheiter for vidare etterforsking og for å avdekke stadig nye kreative svindelmetodar som vert utvikla. Slik får ein også til ei betre førebygging av svindelen.

Godt vaksne let seg lure

Overslag frå Økokrim tilseier at det stort sett er godt vaksne nordmenn som let seg lure. I 2015 sendte 209 norske kvinner og menn over 280 millionar kroner ut av sine bankkontoar til svindlarar i utlandet.  I 2016 vart 181 nordmenn lurt for minst 205 millionar kroner. Dette var i hovudsak "datingsvindel" saman med nokre "arvebedrageri".

- I Møre og Romsdal har vi hatt fleire slike saker siste åra. Sekssifra beløp har vorte stoppa av bankane. Dessverre er det også gjennomført overføringar der enkeltpersonar har mista store summar som dei ikkje vil få tilbake.  Mørketala nasjonalt er store, spesielt opp mot dei mange mindre summane som vert sendt ut av landet, seier Klokkersund.

Kjenneteikn på nettsvindel

  • Personen ber deg gå ut av sjekkenettstaden og vil kommunisere med deg gjennom epost eller private chattetenester.

  • Gir svært tidleg uttrykk for hjartevarme og kjærleik

  • Vil raskt ha private opplysningar om deg.

  • Sender deg fotografi av seg sjølv som ser profesjonelt ut.

  • Sender deg store mengder epost.

  • Personen påstår at han/ho er frå til dømes eit europeisk land, men er på reise eller jobbar i utlandet.

  • Vil kome på besøk men kan dessverre ikkje kome på grunn av ei tragisk hending.

  • Ber om pengar for å dekke ei reise, akutt sjukdom, opphald på sjukehus for eit medlem av familien, visumutgifter eller liknande.

  • Skal starte opp forretningsdrift du får vere del av og som du skal få ut inntekter av seinare i ei felles framtid saman med personen.

Nettsvindelråd

  • Ikkje gi pengar til nokon du treff berre på nett.

  • Be banken om råd og dokumentsjekk før du overfører også mindre summar til utlandet.

  • Kontakt politiet om du eller nokon du kjenner er utsett for denne typen svindel.

  • Kutt all kommunikasjon på nett, epost og chat med personen umiddelbart.

  • Ikkje opprett ny kontakt med svindlaren.