Med "Solveigs sang", med tekst av Henrik Ibsen og melodi av Edvard Grieg, gjekk Louise Engeseth (16) frå Volda, vidare i Norske Talenter på TV2 på fredag.

Sjå framføringa her.

Dommarane sparte ikkje på krutet. Mia Gundersen kalla Louise for eit stort talent, medan Bjarne Brøndbo meiner voldajenta skal vere stolt av seg sjølv og det ho presterer på scena.

Louise Engeseth er eit kjent namn i Volda, og ho har delteke på mange ulike arrangement for å underhalde, heilt sidan ho var lita. I dag går ho første året på musikklinja på Volda vidaregåande skule.

Frå før har også perkusjonist Bendik Hustadnes (19) frå Volda delteke i konkurransen.

Sjå framføringa hans her.