I alle fall når dei kan sikre seg matvarer til langt lågare pris enn vanleg.

Då Coop Extra-butikken på Amfi-senteret lokka med store rabattar på varene sine frå klokka åtte måndag morgon, var det mange som stod og venta på at butikken skulle opne. Dette er den siste veka at Coop-butikken held ope. Han skal erstattast med ny Coop Extra-butikk på Ose - og i Coop sine lokale på Amfi skal Europris etablere seg. Dei skal opne like etter 17. mai.

No skal Coop Vest altså kvitte seg med alle varene på Amfi. Måndag kunne ein sjå mange som fylte handlevognene. Nokre handla både to og tre gonger før dei var nøgde med å gjere eit matvare-kupp.