– Vil ha samanhengande god mobilløysing

Ørsta kommune har sendt ut ein ny førespurnad til tre ulike teleselskap, om mobildekning i Skjåstaddalen-Bjørke-Viddal.

Skjåstaddalen: Området manglar mobildekning, men kommunen jobbar med saka. 

Nyheiter

– I Ørsta kommune er der eit område der innbyggjarane som bur der opplever fullstendig manglande mobildekning. Dette gjeld eit område i Skjåstaddalen som ligg mellom Kalvatn i Volda kommune og Bjørke i Ørsta kommune. For å få til ei samanhengande god mobilløysing for innbyggjarane så ønskjer vi at same leverandør dekkjer området Bjørke-Viddal-Leira. Mange beveger seg fysisk frå det området det i dag er manglande dekning til Bjørke-Viddal-Leira og motsatt veg, så det vil vere upraktisk om alle som bur i området skal ha mobiltelefon med to ulike simkort for å kunne ha dekning.

Ørsta kommune ønskjer då tilbod på ei utbygging frå leverandør på heile dette området. Vi spør då igjen dei tre aktørane i Noreg som vi kjenner til kan realisere ei slik utbygging, skriv kommunen i eit brev til dei tre tilbydarane som tidlegare har levert tilbod om dekning i området.

Kommunen opplyser at det er generelt dårleg dekning i heile området Kalvatn til Bjørke og Leira-Viddal. Telenor dekkjer området frå Bjørke og Leira og oppover dalen eit stykke med 2G.

– Vi ønskjer dekning frå tilbydarar frå heile dette området. Det er også viktig å presisere at dette er eit område med stadig fleire turistar både sommar og vinter, skriv kommunen.