Hotelldirektør Mariann Øye-Mork er inne i ein hektisk innspurt før Hotel Union Øye opnar dørene komande helg. Aldri før har hotellet opna så tidleg for sesongen. På hotellet myldrar det av arbeidsame folk som gjer siste innsats før opning. Alt skal vaskast ned. Dukar og gardiner skal få seg ein omgang på strykebrettet. Ei dør treng litt måling. Ein tapet skal opp.

– Vi har gjort dei rette tinga. Fjoråret var eit svært bra år. Vi sat att med ein million kroner på botnlinja. Og det etter å ha gjort store investeringar, mellom anna med oppussing av bad. No er 25 bad renoverte. Fire står att. Ting har falle på plass. Litt angst har eg hatt, for investeringane er dyre, men utan å tore å satse kjem vi ingen veg. Folk forventar ein viss standard, sjølv om dei besøker eit historisk hotell. Noko må vere som det alltid har vore, men noko må også verte forbetra. Vi har funne balansen.

Flygel

Siste tilskot er åtte nye sengeplassar i Toretunet. Eit steinkast frå hotellet ligg eit lite stabbur og eit hus som høyrer til under hotellet. Her er det også investert. Stabburet skal vere skistall, og i Toretunet, i huset frå 1850, vert det no jobba med siste hand på verket før det er klart til utleige. Dermed står totalt 60 sengeplassar klare til å verte tekne i bruk.

– Og så har vi kjøpt oss flygel! Eit skikkeleg flygel, eit Steinway frå 1890. Det vert no totalrenovert før det kjem til oss. Det kostar, men det løner seg. Vi gjer noko litt ekstra kvart år, noko som skaper merksemd, og som kler hotellet.

I 2015 selde dei 2.585 rom. I 2016 auka dette til 3.342. For 2017 har dei budsjettert med 3.570. Til no har dei 1.900 førehandsselde rom for sesongen.

– Vi har aldri hatt meir enn 1.400 førehandsselde rom ved sesongstart tidlegare, så dette er fantastisk!

Nyleg vart dei også kåra til det beste hotellet blant De Historiske Hoteller & Spisesteder. 55 hotell og 19 spisestadar er med i organisasjonen.

– Målet er å alltid vere blant topp tre, men ekstra stas er det å vere heilt på topp.

Sørvis

Oppskrifta er enkel, i følgje hotelldirektøren.

– På Øye yter vi 100 prosent sørvis. Vi har ingen sørvisfeil. Halvparten av eit vellykka opphald på hotell har med sørvisen å gjere. Vi er eit vertskap som gir meir enn det folk ventar seg. Om det ikkje er slik, ja då raknar det for meg.

Kristine Østgaard har jobba ved hotellet som servitør og resepsjonist det siste året. Ho rosar arbeidsplassen opp i skyene.

– Eg har hatt ein draum om å jobbe her heilt sidan eg var lita jente. Vi feira kvar pinse her inne i oppveksten. Det er ein fantastisk arbeidsplass med to fantastiske sjefar. Det går ikkje ein einaste dag på jobb utan at vi har oss ein god latter. Det er godt samhald og god stemning. Bonusen er at vi får møte mange spennande menneske frå heile verda, og får høyre mange fantastiske historier.

Mariann Øye-Mork og veslesyster Kathrine Øye sit i sjefsstolane. Kathrine Øye som driftssjef. Så godt har hotellet gått dei siste åra, at dei to no er fulltidstilsette, heile året, sjølv om hotellet har stengt nokre månader.

– Vi har rett og slett hendene fulle. Og godt er det.

Stolt

I høgsesongen er dei mellom 30–40 tilsette i ulike stillingsstorleikar.

– Det kjekkaste med å vere arbeidsgjevaren til så mange, er særleg at vi ofte er den første arbeidsplassen til mange av dei unge som kjem hit. Vi har fantastiske ungdomar i bygda. Og å få vere med på å forme dei og skape gode haldningar, det er gull verdt. Av mine tilsette er det fem-seks av dei som har valt norsk hotellhøgskule. Det er eg stolt over. Det betyr at vi gjer mykje rett.

Nokre utfordringar er det alltid før sesongstart. Som når bordene til himmelsenga på rom to vert farga grøne i vask. Eller når den faste kokken deira flytta til Ålesund.

– Åh. Det var så bittert. Han ville bu her, men så skar det seg med barnehageplass. Han fekk tilbod om jobb i Ålesund, og så flytta dei. Øye er ikkje verdas navle. Det veit vi, men då er det ekstra viktig at kommunen legg til rette for dei som vil bu her. Her mista vi tre innbyggjarar. Det er mykje for vår vesle bygd.

Kokkar veks ikkje på tre. I alle fal ikkje kokkar som vil bu på Øye. Men Mariann Øye-Mork har den eigenskapen at ho kan trylle.

– Vi har fått ny kokk. Ein ålesundar, Oddbjørn Myklebust Opsal. Eg trur han er rette personen. Han er som ei potet, som kan meir enn å lage mat.Eg letta nokre kilo då han takka ja. Det vart eitt mindre magesår på meg.

Det vart altså rekordomsetning i fjor. For 2017 har dei budsjettert med 16,1 millionar.

– Fjordane på Vestlandet går bra, og valutakursen er i vår favør. Skiturismen aukar, og satsinga kommunen har på masterplan for Hjørundfjorden har eg stor tru på.

Lokalt

Ein ting er hotelldirektøren ekstra oppteken av.

– Vi vil gjerne sjå fleire lokale andlet. Vi er hotellet for alle. Vi har eit herskapleg image som heng veldig att, med kongelege og keisarar. Slik skal det også vere, men vi satsar breiare. Vi er for eventyrarar, kongelege – og deg! I skuldersesongane, før og etter høgsesongen på sommaren, då er det mogleg å få knakande gode tilbod hos oss på Øye. Her møtast dei med smoking og dei med ullundertøy i restauranten, og alle er like blide. Akkurat slik skal det vere!