Når ordførar Stein Aam brukar ordet døropnar på Lars Oscar Fossen Øvstegård, meiner han denne mannen si unike evne til å få til ting gjennom gode samtalar, relasjonsbygging, eit smittande, godt humør og ei heilt spesiell evne til å få med seg folk.

No handlar det om avslutninga av den siste sentrumsdugnaden som Sparebanken Møre ved Line Wiik Bjerknes, Fossen Øvstegård og Ørsta Kommune starta i februar.

Der skal dei innsamla pengane, kring 270.000 kroner, gå til trivselsfremjande tiltak for alle i sentrum, inkludert å gjere portalen og inngangen til Ørsta i enden av Osbrua ved Velle skule, meir tiltalande. Prosessen med å fjerne eit hus ved Shell-krysset ved E39 er godt i gang, og området skal opparbeidast.

Kommunen tek no over stafettpinnen for dugnaden som er eit framhald av Eldsjelprisen, som Lars Oscar Fossen Øvstegård fekk, og som kommunen stod bak. Sparebanken Møre ved Wiik Bjerknes gav 20.000 kroner til dette føremålet, og Lars Oscar vart utfordra til å bruke pengane frå Eldsjelprisen til noko som gagnar alle. Det gjer han ved å gi pengane til dugnaden. Han vart også utfordra på å prøve å få auke prispengane. Og det har Øvstegård verkeleg fått til. Og han var ikkje vanskelg å be: På nokre veker har det altså kome inn kring 270.000 kroner til dugnaden, der større bidrag frå eit breitt næringsliv i Ørsta utgjer mesteparten av pengane, i tillegg til enkelte privatpersonar som har også delteke i dugnaden. Fossen bidreg aleine med 50.000.

– Store delar av næringslivet har verkeleg vakna, og det er all grunn til å takke dei som har gitt pengar for den flotte givargleda. Bidraga er fantastiske, og næringslivet ser verkeleg verdien av å få utvikla Ørsta sentrum til ein endå betre plass for alle, seier Lars Oscar entusiastisk.

Kommunen skal no forvalte pengane til beste for innbyggjarane, og til tiltak som skal gjere det endå kjekkare og trivelegare å vere i Ørsta.

Rådmann Wenche Solheim er imponert over resultatet frå dugnaden, og rosar Lars Oscar for innsatsen.

– Lars Oscar er ein enormt flink relasjonsbyggjar, med ei heilt spesiell evne til å kople saman folk, meiner ho.

Sjølv om dugnaden no vert avslutta, vonar Lars Oscar at kommunen held fram og bidreg til eit vakrare sentrum, noko dei i stor grad har gjort siste åra.

– Ørsta sentrum skal utvikle seg heile tida, både med og utan dugnadar. Dess fleire som deltek, dess betre vert det. Og framleis er det mogleg å støtte opp med å gi pengar. Mange grunneigarar har teke ansvar og ordna opp på eigedommar som burde stellast. Men der er framleis fleire ein treng å gjere noko med, meiner Fossen Øvstegård.

Han set pris på varme ord, men seier han ikkje skal ha all ære for at sentrum har vorte flottare.

– Det er grunn til å takke mange for bidraga. Eg vil spesielt takke ordførar Stein Aam, rådmann Wenche Solheim og teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot for innsatsen. Og så vil eg rette stor takk til Thomas Ryste som stilte opp og gav meg mykje energi på ein dag eg trengde det, seier Øvstegård Fossen.