Det seier Ingrid Sæbønes. Då kontrollutvalet måndag 13. mars diskuterte sakshandsaminga av Osgeil-saka, løfta rådmann Wenche Solheim fram eit brev der det mellom anna vart stilt spørsmål om rådmannen si rolle i saka. I hennar notat skriv ho at det er Ingrid Sæbønes som har stilt spørsmåla. Rådmannen og administrasjonen i kommunen er ugilde i saka, sidan rådmannen bur i Eliholen, ein sideveg til geila.

Ti oppsitjarar

– Vi var ti oppsitjarar som signerte brevet. Kvifor kom ikkje det fram? Eg føler at eg vert hengt ut i kontrollutvalet, og synest det er feil. Saka liknar meir på ei svertekampanje, og fokuset er vekke frå det saka eigentleg skal handle om; trafikktrygging. Vi er uroa for trafikktrygginga i geila. Heile utgangspunktet i saka var ei uromelding frå grendelaget, men no har ting snudd veldig i feil retning, seier Sæbønes.

I tillegg reagerer ho på at brevet som nyleg vart sendt, som var stila til kontrollutvalet, kom rådmannen i hende, før kontrollutvalet hadde fått sett det.

– Brevet sende vi 23. februar, men leiaren i kontrollutvalet fekk det ikkje før på møtedagen, 13. mars. Kva er grunnen til det? undrar ho.

Ubehagleg

Ho opplever det som svært ubehagleg at ho, som enkeltperson, vert fronta i saka, når ho har fleire andre med seg.

Sæbnønes understrekar også at det aldri har vore eit uttalt ønske frå nokon i Osgeila at dei vil stenge geila med bom - eit tema som har vore gjenstand for mykje debatt.

– Dette er det teknisk etat på kommunen som har foreslått, fleire gonger. Første gong i 1997. Og sist no i mai i fjor. Det er ingen andre. Og når det gjeld ønsket om å stenge vegen, så er det viktig å huske på at vegen allereie er stengt for trafikk. Der er forbod mot å køyre for alle andre enn dei som bur i geila. Alt dette handlar om er at vi er uroa for dei mjuke trafikantane som nyttar seg av vegen. Slik det er no er der farleg.

Oppsitjarar i Eliholen har i brev til Ørsta kommune lagt fram at der aldri har skjedd ulykker i Osgeila.

– Folk kan godt argumentere med at der ikkje har skjedd ulykker, men der har skjedd mange nestenulykker, og den dagen det smell, er det for seint. Våre born er ikkje mindre verdt enn andre i Ørsta, og der er fleire andre stader der uromeldingar om trafikktrygginga har vorte teke meir på alvor enn det vi opplever i denne saka.

Fokus

Sæbønes ønskjer at fokuset i saka skal endre seg frå å handle om enkeltpersonar til å handle om det saka faktisk handlar om: trafikktrygging.

– Eg vil seie det same som rådmannen sa til kontrollutvalet: Eg ønskjer ei brei saksutgreiing som gir eit godt grunnlag for politisk vedtak. Som privatperson ønskjer eg rettferdig behandling av meg, min familie og mine naboar.