Det sa biskop Ingeborg Midttømme etter ein innhaldsrik dag på Bjørke med føremiddagstreff på bedehus, kyrkjebesøk og bedriftsbesøk hjå Tussa.

– Det er veldig spennande å sjå eit lite lokalsamfunn som grunna Kvivsvegen ser nye moglegheiter og samarbeider på tvers av det som i dag er kommune- og fylkesgrenser. Dei er allereie i gang med planlegginga av kyrkjejubileet i 2020, og det har eg skrive opp i kalenderen min allereie. Den verdiskapinga som har gått føre seg her og som framleis held på er med på å gje identitet. Det er veldig viktig.

– Gleda over å få besøk rører ved meg

Bispevisitasen torsdag starta med skulegudsteneste i Hjørundfjord kyrkje før Midttømme og følgjet tok sjøvegen til Bjørke. Ifølgje biskopen handlar visitasen generelt om å sjå til trua sine rammer.

– Det var flott å få kome på føremiddagstreff her på Bjørke og møte eldre menneske frå bygda lokalt og nabobygdene. Dei har funne ut at dei må vere saman og slutte opp om kvarandre sine arrangement. Kommunikasjonen har gjort at fellesskapet har blitt styrka, også det kristne fellesskapet. Gleda over å få besøk rører ved meg, og eg ser at dette er ein stad eg må kome tilbake til og at eg har mykje å lære om historia her.

Biskopen med følgje fekk eit lite innblikk i historia til Bjørke kyrkje av sokneprest Espen Aarseth under besøket torsdag. Organist John Inge Leira Bjøringsøy sat seg bak orgelet slik at det også vart song under vitjinga i kyrkja. Både biskopen og resten av følgjet let seg begeistre av fargane i kyrkja, og fargar vart og eit tema då turen gjekk 750 meter inn i fjellet til Tussa kraftverk. Kraftverksjef Terje Myklebust fortalde historia til kraftverket, og vasskraft, bølgjekraft og fornybar energi vart tema under samtalen. I tillegg vart det omvising i kraftverket frå 1961.

– Akkurat no er det berre fire skulebarn frå Bjørke, men her er moglegheiter for at fleire familiar kan busette seg her og ha trygge oppvekstvilkår for barna. Det er viktig for at det skal vere eit levande lokalsamfunn også i framtida, sa Midttømme som understreka at ho var svært glad for at fekk besøke Bjørke og at ho lærte mykje.

Etter at besøket i Tussa kraftverk var over gjekk turen tilbake til Sæbø med båt. Der vart dagen avslutta med m.a. møte med innvandrarkvinner og kyrkjekonsert i Ørsta kyrkje. Laurdag skal Midttømme i møte med ungdomsleiarar på laurdag, og bispevisitasen vert avslutta med visitasgudstenestene og visitasforedrag søndag.

– Eg vonar at det kjem folk frå alle bygdene i desse fire sokna til gudstenesta søndag, og at det blir eit fellesarrangement.