I 2003 kom den første kunstgrasbana i Volda, og det same dekket ligg på bana fjorten år seinare. Volda TI fotball har arbeidd aktivt med å finne midlar til å få skifta dekket. No er det klart at Kragset Eigedomsmekling kjøper banenamnet for 100.000 kroner, og bana vil heite Kragsetbana.

– Kunstgrasdekket er totalt nedslite, og sjølv om vi fekk tildelt spelemidlar til utskifting var det likevel ein veg å gå økonomisk. Vi er veldig glade for at Kragset er med på laget, seier dagleg leiar Solveig Storeide i Volda TI fotball.

Sjølve arbeidet med å skifte dekket på kunstgrasbana startar komande veke, og vil truleg vere ferdigstilt i starten av mai.

– På det nye dekket vil dei aldersbestemte laga ha førsterett, men om bana er ledig vil sjølvsagt dei andre laga i klubben også sleppe til. Det har vore mykje smil å sjå i klubben og mange tykkjer det er kjekt med ei ny bane til ungane.

– Volda TI fotball har teke store kostnader dei siste åra og har mykje å betale på. Då hjelper det mykje å få eit slikt fantastisk bidrag frå Kragset, seier Kenneth Nydahl.

Motivasjonen bak bidraget til Kragset Eigedomsmekling er at barn og unge skal ha eit allsidig tilbod, og føle at dei vert prioritert.

– Dei unge er framtida til Volda. For oss er det ein naturleg del å bidra til utviklinga i samfunnet som vi har arbeidskvardagen vår i. Vi vonar at vårt bidrag vil inspirere andre bedrifter til å gje bidrag. Det er viktig aktivitet som skjer på Volda stadion med tanke på folkehelseperspektivet, fysisk aktivitet, lagspel og samhald, seier Anita Arnesen Kragset og Johnny Kragset.

Miljøaspektet vert prioritert når kunstgrasdekket skal skiftast. Delar av det gamle dekket skal til ein ballbinge på Lid og det er privatpersonar som meldt si interesse.

– Vi prøver å få så mykje gjenbruk som mogleg. Det som blir att blir teke med til Danmark og resirkulert. Miljøaspektet ynskjer vi å vere først i køen på. Vi har tett dialog med kommunen og eit godt samarbeidsklima. Aurstad har vore på synfaring for å få lage oppsamlingsgrøft for granulat på nedsida av bana. Vi vert dermed første klubben her i regionen som tek dette grepet, seier Storeide.