Godorda hagla rundt borda i kjellaren i frikyrkja i Ørsta sentrum onsdag. Etter berre ein time hadde langt over 100 ørstingar teke turen då Supperådet inviterte til sesongens siste Suppe i sentrum. Elevane frå restaurant- og matfag ved Ørsta vidaregåande skule stilte med åtte ulike supper. Noko for ein kvar smak, med både norske variantar og meir eksotiske og internasjonale smakar.

– Det er utruleg inspirerande for oss å få vere med på dette. Her får vi direkte tilbakemeldingar på suppene vi har laga. Det er både lærerikt og kjekt, seier elevane Vivian Solvang Brune og Renate Amalie Røys Stave, medan dei med ei trent hand serverer suppe etter suppe til svoltne ørstingar.

– Vi er veldig imponert over kokkeelevane. Det er utruleg gode supper. Det er tydeleg at dei har lært mykje på skulen Dessutan er det utruleg sosialt å møtest på denne måten. Vi storkosar oss, fortel Jostein Henrik Sætre, Inger-Johanne Sætre, Martin Melheim, Norunn Melheim og Petter Vinjevoll som har benka seg rundt eit bord i kjellaren, der dei kan preike og løyse verdsproblem over eit fat varm suppe.

– Ære vere dei som tok initiativet til dette, seier Torstein og Karin Hjertvik, ved nabobordet.

– Det flotte med dette arrangementet er at det samlar både kjende og ukjende rundt same bord, ung som gamal. Her er mange som ikkje går her til vanleg. Det er veldig bra, seier dei to.

Og det er det som har vore målet til Øystein Hovland i Supperådet, heilt sidan starten på Suppe i sentrum i 2014. Å skape ein uformell møteplass, på tvers av generasjonar, livssyn og ståstad i livet.

–Om eg trudde at dette kom til å verte ein suksess då vi starta opp? Skal eg vere ærleg? Ja. Det var i alle fall dette eg håpte på. Det er ikkje noko vi skal ta for gitt. Men det gir eit inntrykk av kva ressursar vi kan få løyst ut, berre vi går saman. Her har vi ei kjensle av å ha heile bygda med oss. Folk kjenner eit eigarforhold til dette. Særleg vinterhalvåret ser vi at det er behov for ein slik møteplass, seier han.

No nærmar det seg vår, og Suppe i sentrum tek pause.

–Men vi har nytt og forsterka Supperåd som skal føre dette vidare, og vi er i gang igjen til hausten, forsikrar Hovland.

Sosialt: F.v. Jostein Henrik Sætre, Inger-Johanne Sætre, Martin Melheim, Norunn Melheim og Petter Vinjevoll. – Dette er topp! Kjempesosialt, og god mat! Vi er vårt eige supperåd, ler dei. Foto: Janne-Marit Myklebust
ROs: Elevane ved restaurant- og matfag hausta mykje ros for både sørvis og suppe. Foto: Joachim Åsebø
Supperåd: Suppe i sentrum skal leve vidare. Eit nytt supperåd står klart til å ta i eit tak til hausten att. F.v. Øystein Hovland, Jihad Hennaw og Eli Birkeland. I tillegg er Jonathan Negassi med. Foto: Janne-Marit Myklebust