Det er Vestlandsnytt som skriv dette.

Ifølgje avisa har ein intern prosess i Helse Møre og Romsdal ført til ein førebels konklusjon med samlokalisering av ny felles distrikspsykiatri for Søre Sunnmøre i Myrvåg.

Vestlandsnytt refererer frå eit brev avdelingssjef Ståle Hoff ved Klinikk for psykisk helsevern og rus har sendt Sande kommune.

– Den ambulante tenesta på Søre Sunnmøre er etablert ved to lokalitetar som begge ligg i utkanten av opptaksområdet. Dei praktiske og kommunikasjonsmessige ulempene med denne strukturen har vorte sentralt i dette prosjektet, fortel Hoff i brevet.

Utfordringar

Hoff fortel også at noverande struktur fører til utfordringar ved avvikling av vakter på kveld og i helg, to vekeplanbøker og stykka opp informasjonsarbeid.

To baselokalitetar gjer ifølgje avdelingssjefen at sakn av ein felles bedriftskultur veg tyngst i denne saka.

– Enkeltmedlemmer som teamkoordinator, helsesekretær og overlege vil profittere på å ha berre ein oppmøteplass, skriv Hoff.

Ei samlokalisering skal vere eit ønske frå leiinga ved distriktspsykiatrien på Sunnmøre.

Før ein går vidare med saka skal det gjennomførast ein ROS-analyse som skal avdekke eventuelle kompenserande tiltak ved samlokalisering. Det skal også gjennomførast drøftingsmøte med tilsette før det endelege vedtaket vert teke.

Ordførar Dag Vaagen i Sande seier dette til planane for samlokalisering:

Langt inne

– Det sit langt inne å skulle akseptere nedlegging av dei einaste statlege arbeidsplassane i Sande. Dersom det likevel skulle gå slik klinikksjefen varslar, at DPS i Volda og på Larsnes vert samlokalisert, er det trass alt positivt at signala frå helseføretaket handlar om plassering i Myrvåg og Dragsund-området, seier ordføraren til lokalavisa.

Dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) har hovudansvar for generelle tilbod innan den psykiatriske spesialisthelsetenesta. Med døgntilbod, dagtilbod, poliklinikk og akutteam er desse sentra statlege klinikkar som samarbeider nært med kommunane i sine respektive område.