Dette betyr at brorparten av dei femti tilsette i Mørenett i Ørsta kan få ny arbeidsstad i Dragsund dersom styret vedtek innstillinga. Gjer styret det, vil den nye lokaliseringa gjelde frå nyttår.

– Vi har sett at vi har behov for å samle ressursane på Søre Sunnmøre på ein plass. Årsaka er at det er både kostnadseffektivt, men ikkje minst er eit rett tiltak for å legge til rette for best mogleg samhandling internt i Mørenett. Vi kjem til å få endå betre samhandling og ein god og solid organisasjon. Ingen kjem til å misse jobben sin, seier adm.dir. Rune Kiperberg i Mørenett til Møre-Nytt.

Han fortel at selskapet har gjort tilsvarande samlokalisering i Ålesund med gode røynsler.

– Slik samlokalisering er med på å byggje robuste og gode fagmiljø, seier Kiperberg.

Mørenett har i dag tilhald på Tussatun i Hovdebygda.