Rådmann Wenche Solheim måtte møte i kontrollutvalet måndag for å forklare kvifor ho har sendt e-postar til sakshandsamar Ulf Kristian Rognstad om Osgeil- saka.

I mai i fjor varsla Solheim administrasjonen om at ho har sterke personlege interesser i Osgeil-saka, då ho bur i Eliholen. Heile administrasjonen er dermed ugild i saka.

Spesiell situasjon

– Vi er interessert i å høyre om di rolle i saka. Du bur i området. Du er rådmann. Det skaper ein spesiell situasjon. Så kjem det fram at du i september har sendt interne e-postar til ein medarbeidar som er direkte knytt til sakshandsaminga av Osgeila, sa utvalsleiar Sven Castberg.

Ein privatperson, Ingrid Sæbønes, har også sendt brev til Ørsta kommune, der ho bed om svar på kva rolle Solheim har hatt i saka. Sæbønes stiller også spørsmål ved kven som tok initiativ til ei synfaring i geila i januar i år, og om det er rett at rådmannen fremjar eigeninteresse i saka, når ho sjølv og heile administrasjonen er ugilde.

– E-postane til Rognstad var meint som intern informasjon til sakshandsamar slik at alvoret vart forstått og for å sette fart på arbeidet med å finne settekommune. Det er naturleg at Rognstad som «ny» i kommunen ikkje hadde oversikt over at dette var ei komplisert sak med ei historie tilbake til 1970. Eg meiner at mine innspel var balanserte, saksopplysande og at spørsmåla eg stilte er relevante for å finne ei løysing som tek i vare alle innbyggjarane. Eg les i spørsmålet frå Sæbønes, ein mistanke om at eg som rådmann har hatt noko med synfaringa å gjere. Svaret er at eg fekk vite om synfaringa frå ein nabo. Etter avtale med ordførar har eg ikkje på nokon måte hatt noko med denne saka å gjere sidan september 2016, opplyste Solheim.

Avsporing

Det vart peika på at det var uheldig at rådmannen sende e-postane frå si jobb-adresse, og ikkje frå ei privat adresse.

– Etter mitt syn er det ei avsporing om dette no skal handle om mine e-postar. Til det er saka for alvorleg. Når det er så stor mistru til saksgangen og ei kopling mot at saka er styrt av meg som rådmann, viser det tydeleg at dette er ei sak som må verte handsama i ein settekommune, for at alle partar skal kunne ha tillit til at all dokumentasjon og alle omsyn vert med i saksutgreiinga. Som rådmann ønskjer eg ei brei saksutgreiing som gir eit godt grunnlag for politisk vedtak. Som privatperson ønskjer eg rettferdig behandling av meg, min familie og mine naboar.