– Det er svært viktig at vi finn den rette personen for drifta av hotellet, der moglegheitene for utvikling og vekst er store, seier styreleiar Thomas Lundberg.

Nyleg sa Vivi-Ann Teige opp stillinga si på hotellet. Styret for hotellet har no teke på seg utvida ansvar, og fram til ny direktør er på plass er det Eva Anita Hägglund-Hole som har det administrative ansvaret for hotelldrifta. Ho sit i hotellet sitt styre, og har tidlegare vore konsulent for hotellet. Hägglund-Hole har såleis god kjennskap til hotellet.

Samtidig vert det no jobba for å finne ein ny direktør, ein prosess der styret ikkje ønskjer å forhaste seg.

– Det er svært viktig at vi finn rett person for direktørrolla. Vi er opne for alt, og vil bruke alle opne kanalar, også utlysing, seier Lundberg.

Velfungerande

Han gjer det klart at det no vert brukt mykje tid på å etablere hotellet som ein velfungerande institusjon og arbeidsplass – og eit hotell som skal vere for folk flest, ikkje minst bygdefolk. Styret ønskjer at bygdefolk skal bruke hotellet meir, difor vert det også jobba mykje med underhaldningsarrangement på hotellet.

– Hotellet har stort potensial der det ligg moderne og flott til i sentrum av Ørsta. Dei tilsette er stolte av hotellet, og det rår stor arbeidsglede der. I ein slik situasjon er det kjekt å sitje i styret, seier Lundberg.

Leiing: Eva Anita Hägglund-Hole leier no hotelldrifta. Foto: Ingvild Runde