Dermed kan det gå mot at Vartdal og Kleiva får klage på ein konsesjon som landbruksnemnda har gitt.

– Grunngjevinga for å gi Vartdal og Kleiva rettsleg klageinteresse er at deler av arealet dei har nytta har vore ein viktig del av deira ressursgrunnlag, og at tap av arealet vil få faktiske verknader for drifta på deira bruk gnr. 106 bnr. 5, seier landbrukssjef Liv Bente Viddal.

Klaga

Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva har klaga på vedtak i landbruksnemnda der det vart gitt konsesjon til Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal på gnr. 106 bnr. 8 på Søre-Vartdal. Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal har tidlegare søkt om konsesjon på gnr. 106 bnr. 8. Dei fekk konsesjon av kommunen. Vedtaket vart påklaga av Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva, som meinte dei hadde rettsleg klageinteresse sidan deler av jordbruksarealet på konsesjonsbruket har vore leigejord til deira eige bruk, gnr. 106 bnr. 5.

Vurdering av rettsleg klageinteresse vart teke opp i landbruksnemnda, og dei fekk godkjent rettsleg klageinteresse i saka. Klaga på konsesjonsvedtaket vart deretter teke opp til behandling i nemnda der den nemnda heldt fast på tidlegare vedtak om å gi konsesjon til Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal.

Saka vart sendt til Fylkesmannen som oppheva kommunen sitt vedtak, og det vart difor ikkje gitt konsesjon for ervervet. I same sak vart rettsleg klageinteresse til Vartdal og Kleiva vurdert, og Fylkesmannen vurderte at det var rimeleg å gi rettsleg klageinteresse. Etter dette sende Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal ny søknad om konsesjon, med grunnlag i endra opplysningar/føresetnader, og fekk altså konsesjon i landbruksnemnda.

Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva klaga på vedtaket og viser m.a. til at dei fekk klagerett ved førre konsesjonsrunde, og at det same gjeld no. Dei har stelt, gjerda og nytta beita på 106/8, og dei har slege innmarka der, i lag med tilgrensande areal på 106/4. Dei viser til at dei kjem til å misse leigeareal dei næraste åra, m.a. 30 da til idrettsanlegg, 15 da er regulert til tomter, og 54 da frå gnr 105/4 (Harald Buset). Frå 2016 har dei fått leigd beite frå gnr 106/3, men dette er ikkje nok til å erstatte haustbeita på dei areala som idrettslaget ervervar. Dersom dei ikkje får kjøpe gbnr. 106/8 er det lita von om at dei kan halde oppe drifta på garden, seier dei.