Kvar onsdag er det andakt og songstund på Ørstaheimen, og denne veka fekk dei storfint besøk av biskop Ingeborg Midttømme. Den førre bispevisitasen i Ørsta var i 2011, og den gongen vitja Midttømme også Ørstaheimen.

– Det var veldig kjekt å få lov til å kome tilbake hit. Nokre av dei som arbeider her no var også her den gongen, og det er mange nye andlet. Det var veldig kjekt å få lov til å gå rundt og helse på alle saman, og sjå kvar og ein inn i ansiktet, sa Midttømme til dei mange som hadde samla seg i fellesstova på Ørstaheimen.

– Mi viktigaste oppgåve er å sjå

Biskopen forklarte for forsamlinga at biskop er eit gresk verb og at det betyr å sjå.

– Biskopen si viktigaste oppgåve er å sjå. Derfor reiser eg rundt i heile bispedømet vårt for å sjå dykk, for å sjå til dykk og for å sjå korleis det er å bu her. Det er viktig for meg å kome på besøk på Ørstaheimen og å få sjå korleis de gjer det når de samlast, sjå andleta dykkar og bere det med meg. Høyre songen og sjå lepper som bevegar seg når vi ber saman.

Bispevisitasen starta tysdag denne veka med morgonbøn og miniorgelkonsert i Vartdal kyrkje. Turen gjekk vidare til Vartdal skule.

– Ein av elevane ved Vartdal skule spurde meg kva som var det viktigaste med å vere biskop. Då svarte eg det med å kome å sjå til dykk, og at eg gleda meg til å vitje Ørstaheimen. De er med på å gje meg mot i mi teneste. De viser meg at trua ber gjennom livet, at trua på Jesus Kristus held frå dåpen og langt inn i alderdomen.

Diakon Betty Søvik heldt andakta på Ørstaheimen onsdag, og med organist Ray Weber ved pianoet vart det og mykje song.

– Takk for at eg fekk sjå til dykk. Eg kjem ikkje til å hugse alle namna dykkar, men eg kjem til å bere med meg ansikta, songen og fellesskapet i bøna, sa Midttømme.

Etter besøket på Ørstaheimen gjekk turen vidare til Ørsta rådhus. Der fekk biskopen informasjon om Ørsta kommune, og fleire saker som t.d. skule og vedlikehald av gravplassar vart diskutert. Biskopen vitja og Aasen-tunet onsdag før dagen vart avslutta med Singspiration-arrangement i Ørsta sentrum.

Bispevisitasen held fram torsdag med m.a. besøk på Bjørke og konsert i Ørsta kyrkje.

Helsing: Biskopen handhelsa på alle dei frammøtte. Midttømme innrømte at ho er dårleg på å hugse namn, men at ho hugsar godt andleta til dei ho har møtt. Foto: Joachim Åsebø
Vitja rådhuset: Biskop Ingeborg Midttømme hadde møte med ordførar Stein Aam og administrasjonen onsdag. Foto: Joachim Åsebø