Musikalsk leiar, Erland Dalen fortel engasjert om den store satsinga Norges Korforbund Sunnmøre skal til med. Eit ABBA-kor med 100–200 songarar skal fylle scenene i Ørsta, Sykkylven, Brattvåg, Fosnavåg og Ålesund. Saman med profesjonelle lokale solistar og band, skal Dancing Queen, Waterloo, Thank you for the Music og Mamma Mia løfte taka på kulturhusa og fylle konserthusa til randa av ABBA-fans, og også dei som kanskje ikkje trudde at dei var ABBA-fans, men som garantert kjem til å verte det. Fem konsertar er planlagt, frå 21.–29. april neste år.

– Vi håper å få med minst 100 songarar i koret, men gjerne fleire. Vi har eit tak på 200, seier prosjektleiar Lindis Utgård.

Erland Dalen har ei lang merittliste i korsamanheng. Han har gjort liknande ABBA-prosjekt fleire andre stader i landet. Han er profesjonell dirigent, og har også jobba med prosjektkor og solistar gjennom oppsettingar av Les Misérables på Sunnmøre, med sju framsyningar som trekte 3.500 publikummarar. Han har vunne fleire prisar frå konkurransar i utlandet, og han er også dommar ved internasjonale konkurransar.

– Vi er så utruleg heldige som har Erland Dalen med på laget. Alle som vert med skal få hjelp til å finne si stemme, om det er alt eller sopran eller bass. Vi slår med dette ei slag for korsongen på Sunnmøre. Dette er stas. Dette er kjekt. Dette er svært! seier Utgård.

Ho fortel at det i dag er 56 kor og 1.684 songarar registrert i Norges Korforbund Sunnmøre.

– Dette prosjektet er ikkje ein konkurrent til kora, men motivasjon og ein boost. Vi vil doble talet på medlemmer, seier ho ambisiøst.

Dei forsikrar om at prosjektet er lagt opp slik at det skal vere effektivt og lett å vere med på. Eit lågterskeltilbod. Det vert fire øvingshelger med oppstart i september i år. Seinare ei øvingshelg i november, og to helger på nyåret, i januar og mars. Øvingane vil verte lagde til dei ulike konsertstadane, og det vil også verte teke omsyn til kvar majoriteten av songarane kjem frå. Så om mange ørstingar og voldingar melder seg, vil dei vere sikra kortast mogleg reisetid. Premieren vert i Sykkylven storhall 21. april.

– Alle er velkomne. Ung som gamal. Eg har berre gode erfaringar med å blande erfarne og uerfarne songarar. Eg har hatt eit spenn i kora frå 12 – 70 år. Det er berre fordelar, seier Dalen.

– Vi veit at det er mange der ute som har lyst til å synge, men som ikkje tør, eller ikkje har moglegheit til å vere med fast i eit kor. Då er dette prosjektet perfekt, seier Lindis Utgård.

Ho oppmodar alle som er interesserte om å ta kontakt, enten direkte til dei, eller via Facebook og Norges Korforbund sine heimesider.

Allereie har 30 songarar frå Sunnmøre meldt seg, og påmeldingsfristen er 1. mai.

– Det er ikkje noko å tenke på. Har du lyst, så kom og ver med. Og så sender vi ei ekstra oppmoding til menn. Kvinner er lette å be, men vi må ha med oss mennene også, oppmodar dei.

– Vi har tømt kostymelagera på Sunnmøre for glitter og glam. Dette vert ei framsyning med høg showfaktor og fantastisk korsong. Betre kan det ikkje verte!

Full scene: Frå ei ABBA-framsyning på Hamar, med 180 koristar på scena. Dette vil dei no få til på Sunnmøre også, men då må alle med ein korist i magen, melde seg. Foto: Erland Dalen