– Vi er allereie uroa for slitasjen, forsøplinga og tilrettelegginga på Saksa, Slogen og etter kvart også Urkeegga, heiter det i fråsegna seksjonen har sendt til Ørsta kommune i samband med handsaminga av tilrettelegginga av Hjørundfjordegga.

Hjørundfjordegga er ei rute frå Saksa til Elsandtindane på austsida av Hjørundfjorden i luftig terreng, og der ei prosjektgruppe ynskjer å leggje til rette med kjettinglekkjer.

Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda tek utgangspunkt i utviklinga av turbaserte attraksjonar i Noreg elles dei siste åra.

– Det veldige trykket som har kome på einskildattraksjonar som Trolltunga, Preikestolen og Romsdalsegga var det nok få som såg føre seg for få år sidan. Hjørundfjorden er ei perle i denne samanhengen, med ei fornya interesse, mellom anna med attraksjonane Slogen og seinare Saksa. Besøkstala her har vore dramatisk aukande dei siste åra, vert det påpeikt i fråsegna.

Dei påpeikar at dei som utdannarar av friluftsrettleiarar og naturgaidar er opptekne av ein toppturkultur som inneber ansvarlegdom.

– Vi er opptekne av at allemannsretten ikkje skal tolkast som ein rett til å ferdast overalt, men ei moglegheit til ansvarleg ferdsel, kommenterer seksjonen.

– Ei utbygging av Hjørundfjordegga med kjettingar osb., er eit klart inngrep i det alpine landskapet, men også ein invitasjon til å velje tur over evne. Hjørundfjordegga er ein klatretur, ypparleg for personar med klatreerfaring. Desse treng ikkje tilrettelegging, insisterer seksjonen.

I staden meiner det heller bør satsast på gaida turar, der turane vert vurdert etter evne, og med medvitgjering om kultur og natur.

– Vi ynskjer ikkje ein ny ”Trolltunga”-attraksjon med ekstrem slitasje, forsøpling og utstrekt over-evne-tenking, med dertil stort press på redningstenesta, heiter det i fråsegna. Seksjonen rår Ørsta kommune til ikkje å handsame Hjørundfjordegga som eit einskildprosjekt, men sjå saka i eit heilskapleg perspektiv, gjennom Masterplanen for Hjørundfjord, som er under arbeid.

Slogen: Seksjon for idrett og friluftsliv i Volda fryktar auka slitasje, forsøpling og ulykker. Foto: Rune Sæbønes