Det vedtok kommunestyret torsdag, etter ein intens, men sakleg debatt.

Vedtaket kjem etter at det i fjor vart klart at Volda gjekk ut av den felles tenesta for Ørsta og Volda. Då hadde Ørsta kommune to val, anten å ha ei eiga PP-teneste, eller vere med i ei interkommunal teneste saman med Hareid, Ulstein og Volda kommunar. Og etter kvart Hornindal. Hovudkontoret til tenesta vert i Ulsteinvik.

– I dag skal vi leggje føringar for PP-tenesta for framtida. Det er Ørsta som har spurt om samarbeid, det er ikkje Ulstein som har bedt oss om å kome. Det er avgjort at Volda forlèt den tenesta vi har no den 1. august. Då vert det endringar uansett. Vi har dessutan gode erfaringar med det interkommunale barnevernet, sa varaordførar Karen Høydal (Ap).

Ola Perry Saure (Sp) sa seg samd med Høydal. Han påpeikte at det har vore eit negativt fokus på prosessen om framtida for PPT dei siste månadene.

– No er det viktig å sjå framover. Det handlar om borna åre. Vi må gjere det framtidsretta, og vi skal drive dette utan at det er sårbart, sa Saure.

Inger Sandvik Sundnes (H) understreka også at det har vore ei sak med mykje kjensler og eit stort engasjement.

– Eg opplever at vi ikkje er så usamde. Vi vil alle det same, levere gode tenester, og ha ei styrking av fagmiljøet. Det er viktig å få på plass tilbodet raskt. Det klarer vi godt gjennom det som er foreslått frå administrasjonen, og det er viktig å ta vare på dei tilsette, sa Sandvik Sundnes.

Leiar Sven Castberg (H) i kontrollutvalet poengterte at kontrollutvalet vil følgje opp den delen av saka som gjeld prosessen kring dei tilsette.

Anne Ellingsen (V) var oppteken av at det vart sikra testrom og lokale for PP-tenesta i Ørsta, slik at brukarane ikkje ville få for lange avstandar.

– Å stå åleine med denne tenesta vert altfor sårbart, og det vert eit for mangelfullt fagmiljø, uavhengig av dei som no arbeider der. Nokre har uttrykt uro over avstandane, og det kan vi løyse med å leggje til rette for lokale her i kommunen vår. Det er viktig at vi vedtek avtalen slik han ligg føre, for han skal vedtakast også i dei andre kommunane. Då kan vi heller ha eit tilleggspunkt om at Ørsta kommune stiller lokale disponibelt for testing og samtalar. Det har vi styring på, ikkje sjølve avtalen, understreka Ellingsen.

Hans Olav Myklebust (Frp) minte også om fylkeskommunen si rolle, med elevar i den vidaregåande skulen.

– Det er viktig at fylkeskommunen vert med. Vi kan ikkje bestemme det, men håpe på det, sa Myklebust, og fekk dette vedteke.

Leiar i levekårsutvalet, Odd Magne Vinjevoll (Frp) henta fram igjen levekårsutvalet si tilråding, der det vert bedt om meir tid. Han ville involvere dei tilsette meir i prosessen.

– Vi har lokale fram til 2021. Og i levekårsutvalet er vi tydelege på at den største ressursen i PPT er dei tilsette. Vi kan starte ein prosess om samanslåing med Ulstein, men vi må bruke meir tid, sa Vinjevoll.

Ordførar Stein Aam var utolmodig: – Vi er nøydde til å kome vidare gjennom samarbeid og tillit til rådmannen og hennar stab, og få til samarbeid med dei tilsette i PPT. Det er råd å få til. Kva teneste har vi sjansen til å yte med få tilsette. Vi har høyrt om PPT i ti-femten-tjue år, og det er viktig å få slutt på saka. Eg trur vi skal lykkast, og vi skal ikkje ha taparar. Vi skal vere rause med kvarandre.

Kommunestyret avviste forslaget om å bruke lenger tid mot elleve røyster.

Mot sju røyster vart det så vedteke å slå saman PPT med Ulstein, Hareid og Volda, og samrøystes vert det bedt om test- og samtalelokale i Ørsta.

Lokale: Anne Ellingsen (V) fekk fleirtal for å be om samtale- og testrom i Ørsta. Foto: Rune Sæbønes