Klassa hadde plass til 14 elevar.

– Det vert ikkje starta kunst, design og arkitektur komande skuleår. Samstundes var ikkje dette heilt uventa, forsikrar rektor Trond Hjelseth.

Han seier at det ikkje er lenge sidan dei fekk klarsignal for å starte linja, og at det har vore kort frist til å gjere tilbodet kjent.

– Når det vert starta opp slike tilbod er det slik at linja skal vere søkbar i tre år. Det vil seie at vi vil bruke tida framover på å gjere tilbodet meir kjent, og då ventar vi at fleire vil søke neste år. Går det ikkje då heller, har vi enno eit år på å få det til, seier rektor.

Gode søkjartal

Elles er han jamt godt nøgd med søkinga til dei andre linjene ved skulen. Medium og kommunikasjon og musikk, dans og drama er framleis svært populære, til trass for at liknande linjer elles i fylket merkar nedgang. I Volda er det oversøking til desse linjene på vg1, med 32 søkjarar til dei 27 plassane ved musikk, dans og drama, og 35 søkjarar til dei 28 plassane ved medium og kommunikasjon .

– Vi har eit godt rykte, mellom anna på grunn av storsatsinga med musikalen som vi har kvart år. Her er begge linjene svært involvert. Her ser vi også føre oss at kunst, design og arkitektur kan bidra med mykje når den klassa er oppe og går. Vi har også mange frå ytre som kjem hit for å gå på nettopp desse linjene, så ryktet er godt.

Studiespesialiserande

For å få plass til kunst, design og arkitektur, var planen å starte opp berre 3,5 klasser med studiespesialiserande for å frigjere klasserom og ressursar. No går dei heller for fire klasser i studiespesialiserande. Her var det 116 søkjarar til dei 98 skuleplassane, men no aukar dei altså talet for å få fire fulle klasser.

– Det var nok dei som hadde kunst, design og arkitektur på andreval då dei søkte, men vi vil ikkje «tvinge» elevar over på ei anna linje berre for å få henne i gong. Dette har vi god tru på vil løyse seg til neste år. Vi startar allereie no med å informere dei som går i niandeklasse om tilbodet, seier Helseth.

Totalt var det 565 søkjarar til dei 572 skuleplassane ved Volda vidaregåande skule, fordelt på 21 klasser.