– Vi gjennomfører to pulsar i året og dei er på ei veke kvar. Då kontrollerer vi beltebruken i klasse 3-bussar. Desse bussane har ikkje ståplassar. Bussar i klasse 1 er bybussar og i klasse 2, som det er mange av i Volda og Ørsta, er det tilgang på ståplassar. Vi stoppar desse bussane også, men denne kampanjen går spesifikt mot bussane i klasse 3, seier Annette Henden som saman med tre kollegaer kontrollerte bussane ved E39 Hjartåberget tysdag og onsdag denne veka.

Tysdag stoppa kontrollørane fleire skulebussar og klasse 2-bussar ved Dragsundbrua.

– Vi vart positivt overraska. Ungdomen er kjempeflinke og det var nesten alle som brukte belte. Tidlegare har vi sett at ungdomane har vore dei som har slurva med beltebruken. Det har vore sosialt akseptabelt å ikkje bruke belte blant ungdomen, seier Henden.

Ifølgje kontrollørane er det dei yngste og dei som er over 60 år som er dei flinkaste til å bruke belte i buss.

– På nasjonalt plan var det 56 prosent som brukte belte i buss då vi hadde førre puls i september i fjor. I bil er beltebruken oppe i 98 prosent. Bussane blir sett på som ei frisone utan at vi heilt veit kvifor. Likevel ser vi betre for kvar gang vi er ute og kontrollerer beltebruken.

Sjåførar og passasjerar som ikkje nyttar belte i buss risikerer å få eit gebyr på 1.500 kroner. Under kontrollen ved E39 i Hjartåbygda tysdag vart fjorten busspassasjerar kontrollerte, og det vart skrive ut eit gebyr. Onsdag hadde alle passasjerane beltet på i klasse 3-bussane, medan det vart skrive ut eitt gebyr til ein passasjer i klasse 2-buss.

– Å bruke belte i buss er ein livreddar, både for din eigen del og for dine medpassasjerar. Fleire av dei som har mista livet i bussulykker dei siste åra hadde overlevd dersom dei hadde brukt belte, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Ifølgje vegvesenet er dei fleste klar over at det er påbod å bruke belte i buss når det er montert, og talet på dei som brukar belte i buss aukar.

– Ditt klikk når du fester beltet, kan få sidemannen eller ho som sitt bak deg til å gjere det same. I yttarste konsekvens kan det redde livet ditt eller hindre at du skadar dei du reiser saman med, seier Lutnæs.

Betring: Fire kontrollørar frå Statens vegvesen utførte beltekontrollen i buss på Søre Sunnmøre. Annette Henden (t.h) seier at dei vart positivt overraska over beltebruken til ungdomen. Foto: Joachim Åsebø