Talet kjem fram i den siste ungdata-undersøkinga som Ørsta ungdomsråd presentert politikarane i levekårsutvalet i kommunen på siste møte.

371 elevar i åtte til tiande klasse på ungdomsskulane i Ørsta svarte på undersøkinga medan 227 elevar på vidaregåande i tre klassesteg svarte på undersøkinga som vart gjennomført i vekene 17 til 40 i fjor.

Svarprosenten var 61 på ungdomsskulane og 73 på vidaregåande.

Får lov

Seks prosent av elevane på ungdomsskulane svarte at dei får lov av foreldra å drikke alkohol medan talet på vidaregåande var 33 prosent.

Åtte prosent av ungdomsskuleelevane svarte at dei har drikke seg rusa, talet på vidaregåande var 42 prosent.

Fire prosent av ungdomsskuleelevane har blitt tilboden hasj og tretten prosent har vorte tilbode dette på vidaregåande. Dette er godt under landsgjennomsnittet. Ein prosent på ungdomsskulane har brukt hasj, på vidaregåande er talet fem prosent.

– Auken i alkoholbruk handlar om drikkepress. Det er kjempekult å vere med i rånemiljøet og elevar på ungdomsskulen deltek i dette miljøet, sa leiaren i ungdomsrådet, Lisa Follestad under orienteringa.

– Det er ein uskriven regel at ein må drikke når ein er på fest, fortalde nestleiar i ungdomsrådet, Elise Stokken.

Ungdomsrådet sine leiarar fortalde også at elevar i ungdomsskulen på Facebook vert inviterte til å vere med på festar som vert arrangerte av russen.

– Dette endar i opne festar som av og til vert avslutta av politiet, fortalde Stokken.

Russen arrangerer festane, og tek betaling for inngang, for å finansiere russetida.

Press

Ungdomsrådet summerte opp ungdata-undersøkinga med at det er auka press på mest alt for dei unge i Ørsta. Leiarane var mest overraska over all tid dei unge brukar framføre ein skjerm, anten TV, data, nettbrett eller mobil.

På vidaregåande brukar 77 prosent av elevane to timar eller meir kvar dag bak ein skjerm, medan talet for ungdomsskulane er 78 prosent. Tala er ein stor auke samanlikna med ungdata-undersøkinga som vart gjennomført i 2013.

Positive ting i undersøkinga er m.a. at dei unge gjer meir lekser i dag enn for tre år sidan og at dei også trenar meir. Men dei er mindre nøgde med seg sjølve. Dei fleste elevane trivst på skulen og er nøgde med lokalmiljøet – og meiner kulturtilboda er rimeleg bra.

– Det er fantastisk mykje flott ungdom i Ørsta. Vi har godt av å få vite det som kjem fram i undersøkinga, sa ordførar stein Aam til ungdomsrådet. Han oppmoda dei unge om å vere aktive på fritida, og tilrådde Røde Kors.

– Eg har to terapiformer, eg går i fjøsen, der alle er einige med meg, og eg trimmar og søv dermed betre om natta, sa Aam.

Også leiaren i levekårsutvalet, Odd Magne Vinjevoll, rosa ungdomsrådet, og peika på det viktige med å få etablert ein samlingsplass som set ein agenda for dei unge sine problemstillingar.

– Det er utruleg viktig med engasjement for gode idear, sa Vinjevoll.

Sidan 2010 har 330.000 ungdommar frå 375 kommunar delteke i ungdata-undersøkingane som gir eit godt innblikk i korleis det er å vere ung i Noreg i dag.

Resultata frå Ungdata vert nytta som kunnskapsgrunnlag i førebyggjande ungdomsarbeid, politikkutvikling og til forsking og undervisning. Ungdata gir også moglegheit til å analysere regionale variasjonar og trendar over tid, og til å gå i djupna innanfor ulike tema.