I samarbeid med FN-sambandet har 2VK-elevane ved Ørsta vidaregåande skule i fleire veker arbeidd med FN og Syria-konflikten som eit prosjekt.

Det heile kulminerte fredag, då elevane deltok i eit rollespel, og der elevane simulerte at dei representerte nasjonane som sit i Tryggingsrådet til FN. Målet var å kome med ein gyldig resolusjon i løpet av dagen.

– Det har vore veldig lærerikt å vere med på dette, og det å delta i debatten i dag, har vore artig, fortel Benedicte Måen, som tala USA si sak i Tryggingsrådet.

Ho fortel at dei var fem elevar samarbeidde saman for USA sine synspunkt. To var på scena som delegatar, medan tre andre sat i salen. Undervegs teksta dei over telefon, og kom med innspel og replikkar.

Det er altså FN-sambandet som har laga opplegget for rollespelet. FN-sambandet arbeider for auka kunnskap om FN og internasjonale spørsmål. I Noreg er det seks distriktskontor som dekkjer hele landet. Det er FN-samband i meir enn hundre land.

– Vi kjem frå kontoret i Bergen, og har hatt god kontakt med Ørsta vidaregåande skule undervegs. Elevane har fått innspel frå oss, men det er dei sjølve som har laga manus tilt talar, og aktivt gått inn for best mogleg å representerte landa dei er delegatar for. Vi har hatt tilsvarande opplegg for fleire skular, og eg må seie at det vi har sett i Ørsta i dag, er noko av det best førebudde vi har vore med på, seier Arne Øi frå FN-sambandet.

Etter å ha budd seg med temaet i fleire veker, var det altså «eksamen» fredag med rollespelet om Tryggingsrådet. Fyrste del av dagen vart nytta til debatt dei ymse nasjonane i mellom, der etter var det lobbyverksemd og arbeid i korridorane i håp om å kome fram til ein resolusjon, og til slutt var det samling rundt konferansebordet for å røyste.

– Målet er å kome fram til ein tekst som får eit gyldig vedtak, altså som har fleirtal, og som ingen av vetomaktene vil setje seg i mot, seier Øi.

Debatten i Tryggingsrådet var frisk. USA-delegatane fekk pepar for å ha gjeve IS våpena som dei no brukar for å skape ustabilitet i Syria og Midt-Austen med. Medan Syria fekk sterk kritikk for brot på menneskerettane. Og det var heftige replikkvekslingar nasjonane i mellom.– Dette har vore veldig nyttig, seier Måen.