Søkjar er Geir Nybø.

I vedtaket seier samfunnsutvalet at arealet ikkje er eigna til føremålet, vidare at det alt er regulert areal til naust like ved. Dei meiner avstanden til vegen er for liten, at det er fare for presedens, og at ei utbygging vil gjere fri ferdsel langst vatnet vansekelgare.

Vedtaket vart gjort med åtte mot ei røyst.

Berre Inge Kolås (Frp) røysta imot. Han ønskte å gi dispensasjon til naustbygginga. I sitt framlegg sa han at plassering og utforming ikkje vil gje negativ konsekvens for friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser, og at slik området står fram i dag, er det praktiskt talt heilt umogleg å ferdast ved vatnet, fordi der allereie er gjort inngrep ved bygging av noverande fylkesveg.

Han fremja også eit punkt om at søkjar fråskriv seg retten til å kunne klage på eventuelle skader ved snø/is-sprøytskader ved brøyting som vil kunne råke naustet, då plasseringa ligg tett opp til fylkesvegen.

Dette fekk han ikkje resten av samfunnsutvalet med på. Eldar Øye frå administrasjonen var også skeptisk.

– Juridisk sett trur eg ikkje dette held mål. Om vi gir dispensasjon, så gir vi dispensasjon. Gir de dette løyvet, kan de ikkje seie at søkjar ikkje har rett til å klage på skade, sa han.

Inge Kolås lufta tanken om å utsette saka slik at samfunnsutvalet kunne ta ei ny synfaring. Dei har også tidlegare vore der og sett på området. Heller ikkje dette fekk han utvalet med på.

– Vi veit korleis der ser ut. Det er kjempeflott at folk vil bruke vatnet og området og føre opp naust, men her er det snakk om å fylle opp delar av vatnet for å kunne etablere naustet. Det ligg også for nært vegen. Vi har tidlegare utsett saka, og eg meiner vi veit nok. Eg vil ikkje utsette saka nok ein gong. Det er ein uheldig måte å jobbe på, sa Frida Gilberg (MDG).

Ho fekk støtte frå Astrid Bjørdal (Ap).

– Vi kan ikkje bruke så mykje tid og ressursar på enkeltsaker. Eg meiner vi har nok informasjon.

Eldar Øye frå administrasjonen ville ikkje avvise ei ny synfaring.

– Men naustet kjem ikkje lenger vekk frå vegen om de ser på området ein gong til.

– Eg ser ikkje korleis dette naustet kan verte bygd på ein tenleg måte. Det er store massar som må til for å fylle ut vatnet. Sjølv om området kanskje ikkje er ein naturleg del av vandringa rundt vatnet, vert det likevel feil å føre det opp så nært vegen, og med så store inngrep for å få det på plass, sa Anne Sølvi Vatne (H).