Vedtektene gjeld frå skuleåret 2017–18. Sidan ordninga skil seg vesentleg frå tidlegare ordning, er første året å sjå på som eit prøveår. Ordninga vil verte evaluert i god tid før søknadsfristen for skuleåret 2018-2019, og orientering lagt fram for levekårsutvalet.

Etter framlegg frå Marit Aklestad (SV), som vart vedteke med fem mot fire røyster, finn levekårsutvalet det nødvendig å setje av ekstra midlar for å få etablert eit fullverdig og velfungerande SFO-tilbod, også i feriane. Levekårsutvalet bed difor formannskapet setje av 1,5 millionar kroner frå disposisjonsfondet til å dekkje ekstra utgifter knytt til å utvide SFO-ordninga til 11 månader.

Dei nye reglane inneber m.a. at SFO sitt ferietilbod vert lagt til ein eller fleire av sentrumsskulane, dette vert vurdert etter etterspurnad, bemanning og lokala sin kapasitet. Det skal vere ferietilbod for haustferien, vinterferien, frå slutten av skuleåret og ut juni, i tillegg til frå og med 1. august og fram til kommunen sine utviklings- og planleggingsdagar.

Godt tilbod

Fredrik Christian Langlo (H) syntest at det nye SFO-tilbodet er godt.

– Prosessen går i rett retning. Og foreldreutvalet på Vikemarka er stort sett samde med det framlegget som ligg føre. Utfordringa kan vere i høve Sæbø og Vartdal skular. For korleis skal ein klare å ha tilbodet der? Er der nok elevar? Og må dei skyssast til sentrum? reflekterte Langlo.

Musesteg

Marit Aklestad karakteriserte derimot dei nye reglane som eit musesteg i rett retning.

– Framlegget er for dårleg, vi må legge betre til rette for at det skal fungere, og vi må ut med meir pengar for eit betre tilbod. I Volda brukar dei 8.800 kroner per elev for elleve månader, og då er kostnaden lågare for foreldra. Ørsta brukar null. Tilbodet skal gjelde for elleve månader uansett og foreldrebetalinga kan ikkje aukast. Vi risikerer då at folk dett av. Vi må også få på plass heile og halve plassar. Og ordninga må handle om dagar, og ikkje litt kvar dag. Søskenrabatten er også for dårleg, den bør vere likelydande den i barnehagane, sa Aklestad m.a.